Feiing og tilsyn med fyringsanlegg

Feiing og tilsyn med fyringsanlegg vert utført med heimel i Brann- og eksplosjonsvernlova og Forebyggandeforskrifta kap. 7.

Lovpålagt feiing og tilsyn gjeld heilårsbustadar som har eldstad kopla til skorsteinen. Fritidsbustader må sjølv kontakte feiaren om dei ønskjer feiing og/eller tilsyn med fyringsanlegget.
 

Feiing og tilsyn gebyr

 

Feiing

Det vert feia etter behov, minimum kvart 4. år. Der det er mykje sot vert det feia oftare.

Feiarane har faste feierunder i kommunen. Dagen før feiing vert det lagt ut melding til bebuarane om at feiaren kjem. Det er viktig å følgje instruksjonane som står på meldinga. Er du bortreist eller passar det ikkje når det vert feia der du bur, kan du ringe feiar for å avtale ny tid. Telefonnummeret er å finne på meldinga.


Tilsyn

Tilsyn vert utført kvart 4. år. Tilsynet omfattar kontroll av at:

  • eventuelle tidlegare avvik eller merknadar til fyringsanlegget er fulgt opp og utbetra
  • ny eldstad eller vesentlege endringar ved fyringsanlegget er meldt til kommunen
  • eldstad, røykkanal, skorstein mm. er bygd og montert etter regelverket
  • anlegget er tilfredsstillande kontrollert og vedlikehalde
  • fyringsanlegget skal ha godkjend tilkomst

I tillegg ser ein på røykvarslarar, sløkkeutstyr og rømingsvegar.

Nærare informasjon om kva ansvar ein huseigar har finn du på heimesidene til Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap.Forskrifta til brann- og eksplosjonslova regulerer kva plikter og ansvar m.a. huseigar og kommunen har. Du finn linkar til direktoratet og forskrifta på høgre side av skjermen.

Publisert av Sverre Osdal. Sist endra 16.01.2018
Fann du det du lette etter?