Fjellskredberedskap

Holtannspinnakelen - Klikk for stort bilete

Fjellskred er sjeldne, men har ført til nokre av dei verste naturkatastrofane i Noreg, seinast i Loen i 1905 og 1936 og i Tafjorden i 1934. I Møre og Romsdal er tre fjellparti under døgnkontinuerleg overvaking: Hegguraksla i Norddal kommune, Åkneset i Stranda kommune og Mannen i Rauma kommune.

Fylkesmannen om fjellskred


Snøskred og mindre fjellskred er ikkje uvanlege i våre naturområde. Ein spesiell kategori er store fjellskred med spesielle tilltak, til dømes høgrisiko-område med døgnkontinuerleg overvaking. I vårt fylke gjeld dette Åkneset på Stranda, Mannen i Romsdalen og Hegguraksla i Norddal kommune. Slike store fjellskred er sjeldne, men har ført til nokre av dei verste naturkatastrofane i Noreg, seinast i Loen i 1905 og 1936 og i Tafjorden i 1934. For Åkneset kan det i verste tilfelle oppstå store flodbølgjer i sjøen til fare for lavtliggande område. Ørsta ligg slik geografisk til at flodbølgjer frå Åkneset eller Hegguraksla vil få langt mindre konsekvensar enn for meir nærliggande kommunar i Storfjordområdet.

Ein må likevel vere budde på stengte ferjekaier og vegar dersom ein slik ekstraordinær situasjon skulle oppstå. Politiet har fastsett evakueringsområde der dette er relevant, og nærare informasjon vil bli gitt av overordna styresmakter dersom ein slik situasjon oppstår.

 

Risiko- og sårbaranalyse (ROS-analyse)

Ei ROS-analyse er ei systematisk kartlegging og vurdering av uønska hendingar som kan inntreffe i vår kommune, og risiko desse kan utløyse. Kartlegging skal bidra til å redusere risiko, førebygge ulykker og gjere kommunen meir budd på å takle dei mest sannsynlege situasjonane. Fleire faremoment som skred og flaumfare blir vurdert i areal- og reguleringsplanar, byggeløyve og liknande. Slik er samfunnstryggleik ein integrert del av kommunen sitt arbeid i ulike sektorar. Ørsta vurderer høgast risiko for ras, trafikkulykker, flaum (sjø, elv) og stormflo.  


Meir info: 

fylkesmannen sine nettsider er det meir informasjon om beredskapen i fylket knytt til ustabile fjellparti som er kartlagt og klassifisert som høgrisiko-objekt. Her finn de fakta om overvakinga, ulike fagrapportar, kart over fare- og evakueringssonene, samt informasjon om korleis beredskapen er bygt opp.

Fann du det du lette etter?

Chat ikon

Kontakt

Gunnar Wangen Leiar Plan og miljø
90646645
@ Gunnar Wangen

Nyhende