Arrangement / overnatting

Den ansvarlege for store arrangement, utstillingar, framsyningar, møte og andre tilstellingar skal i god tid før arrangementet sende melding til Ørsta brann og redning dersom arrangementet skal haldast i eit byggverk eller på eit område som normalt ikkje nyttast til denne type arrangement.

Ved melding om arrangement kan kommunen krevje dei opplysningar som er naudsynte for å vurdere faren for brann og fastsette dei naudsynte brannsikringstiltak og avgrensingar, irekna krav til ansvarshavande arrangør. Jf. Brann- og eksplosjonsvernlova § 7.

Ørsta brann og rening verken godkjenner eller gir løyve til slike arrangement/overnattingar. Dette er eigar sitt ansvar.

   
Fann du det du lette etter?

Chat ikon

Kontakt

Thomas Winther Leira Brannsjef
90749112
@ Thomas Winther Leira

Nyhende