Kriseleiing


Kriseleiinga har ansvar for å leie kommunen si handtering av ei krise, dvs situasjonar som ikkje kan handterast innanfor normal drift, krev mykje informasjon eller andre spesielle tiltak som krev mykje ressursar. Kriseleiinga skal mellom anna samle informasjon om stoda, koordinere innsatsen og disponere ressursar i samarbeid med andre involverte partar. Dei har også ansvar for at nødvendig informasjon kjem ut til innbyggarane og media, og for rapportering og samhandling med overordna statlege styresmakter.

Kommunen si kriseleiing er sett saman av dei som har det overordna administrative og politiske ansvaret ved normal drift, samt representantar frå redningsetatane. Ordføraren har det overordna ansvaret i ei krise, og rådmann er nestleiar i kriseleiinga.  

Når større uønska hendingar oppstår, skal ein alltid varsle naudetatane og setje i gong førstehjelpstiltak. Deretter må kriseleiinga få varsel så snart som råd.

Ring

  • Sentralbord: 700 49 700
  • Teknisk vakt: 900 49 760 eller Brannbefalsvakt: 911 22 820
Kommunen si kriseleiing
Ordførar (Leiar)
Rådmann (nestleiar)
Lensmann
Beredskapskonsulent
Seksjonsleiar eigedom
Leiar servicekontoret
Seksjonsleiar omsorg
Seksjonsleiar tekniske tenester
Brannsjef
Leiar IKT
Kommuneoverlege

 

Omsorgsgruppe/psykososialt kriseteam

Omsorgsgruppa, også kalt psykososialt kriseteam, skal hjelpe kriseleiinga med å gi involverte personar og/eller pårørande omsorg og støtte i krisesituasjonar. Delar av omsorgsgruppa kan også bli brukt ved akutte hendingar der det oppstår omsorgsbehov, sjølv om ikkje kriseleiinga er samla. Om dette er aktuelt eller om behovet kan dekkast i ordinært linjeansvar/fagpersonar, vert vurdert i kvart tilfelle. Kommunen har også ressurspersonar i bygdelaga som kan bistå.

Omsorgsgruppa
Beredskapskonsulent
Seksjonsleiar helse
Lensmann
Sjukepleiar
+ ev. ressurspersonar
Fann du det du lette etter?