Tiltak og info om tenester i Ørsta kommune

Oversikt over nasjonale tiltak

Førebygge smitte: Følg oppdaterte reglar og råd om hand- og hostehygiene, heimekarantene, reising og risikogrupper.

Trur du at du er smitta?

  • Viss du er sjuk: Hald deg heime. 
  • Viss du er sjuk og ikkje kan utelukke koronasmitte: Ring testtelefonen 700 58 960
    (09.00 – 14.00, man - fre) Sjå testkriteria her.
  • For rådgiving eller andre koronarelaterte helsespørsmål, sjå FHI. Dersom du ikkje finn svar på spørsmåla dine der kan du ta kontakt med fastlegen (Ørsta legesenter tlf. 700 48 050)
  • Treng du elles legehjelp: Ring fastlegen, (Ørsta legesenter, tlf. 700 48 050)
  • Viss du har behov for akutt helsehjelp når legesenteret ikkje er ope: Ring legevakta på 116 117. 
  • Ved livstrugande sjukdom eller skade: Ring 113. 

________________

Information in other languages / andre språk:

General information (english), general information (24 languages), prevent infection (22 languages), home quarantine and isolation (23 languages), information films from Norwegian Broadcasting (3 languages).  

________________

 

Våre tenester og tiltak: 

(Trykk på boksa du vil opne, for å lese meir)

Korona: Tenester og tiltak

Legesenter/legevakt

Ørsta helsesenter: 700 48 050
08.30 - 15.00 måndag - fredag (begrensa kapasitet i lunsjpausa 12.00 - 12.30)
www.orstahelsesenter.no 
 

Telefon koronatest: 700 58 960 (09-14, mån - fre)
Vi har god testkapasitet i Ørsta. Alle som har sjukdomssymptom og ikkje kan utelukke koronasmitte oppfordrast til å teste seg snarast mogleg. 

Luftvegsklinikk, augeblikkeleg hjelp og telefonar knytt til korona vert motteke og vurdert kvar dag.
 

Eg vil kome i kontakt med legesenteret:

  • Ikkje møt direkte på legesenteret, men ta kontakt per telefon eller e-konsultasjon. Dørene til legesenteret er stengde. Helsesekretær tek i mot deg som kjem etter avtale, og ser til at du kjem til rett plass.
     
  • På www.orstahelsesenter.no er det tilgang på elektroniske tenester etter innlogging. Her kan du mellom anna legge inn førespurnad om fornying av resept. Ved videokonsultasjon ventar du på SMS eller e-post og følger lenkja du får i invitasjonen. Når du har gjort det ser legen at du ventar på oppringing på video.
     
  • Fornying av resept: Logg deg inn på Helsenorge.no for å fornye resept. (Rettleiing til innlogging)

Annan informasjon:

  • Legevakt (telefon 116 117) skal berre nyttast til konsultasjonar som ikkje kan vente til dagtid når legekontoret er ope.
     
  • Ikkje ring legekontor, legevakt eller 113 viss du har generelle spørsmål om koronaviruset. Folkehelseinstituttet har oppretta ei eiga telefonlinje til dette: 815 55 015.
     
  • Hugs at unntaksreglane i krisesituasjonen gir deg 14 dagar eigenmelding.
     
  • Nattlegevakta vil frå no vere stasjonert ved Myrvåg legevakt i tidsrommet kl 22-08. Dette med bakgrunn i den pågående pandemi-situasjon og et ønske om å minske smitte-presset mot sjukehuset i Volda. NB: Ørsta og Volda har også felles legevaktsamarbeid på ettermiddag/kveld, samt helg.

Her finn du informasjon om smitteførebygging, korona-symptom, isolasjon- og karanteneråd/pålegg.

Helse- og omsorgstenestene

 

Kontaktinformasjon

 

  • Sjukeheimen, omsorgsbustadane og bufellesskapa har opna for besøk. Alle besøk må avtalast på førehand, les meir om organisering av besøk her.
    • Sjukeheimane i Ørsta kommune har no fått på plass ulike kommunikasjonsverkty for å hjelpe brukarar og pårørande slik at dei kan halde kontakt med kvarandre.  
       
  • Heimehjelp/Praktisk bistand blir berre til nokre få og til dei som treng det grunna liv og helse. 
     
  • HBO: Restriktive i forhold til dei som mottek HBO – vi vurderer nøye kven som kan klare seg utan besøk og ev. med tlf kontakt. Vi må prioritere dei som er heilt avhengig av hjelp/besøk grunna liv og helse. Desse vurdringane vert gjort for å beskytte brukarane vår på best mulig måte! Brukar som vil få endra tenestetilbod vil få informasjon om dette. 
     
  • Bakk-Ola-marka har opna for besøk. ​​​​​​Alle besøk må avtalast på førehand, les meir om organisering av besøk her. 

  • Kvardagsrehabilitering: er intensiv og tidsavgrensa trening i daglege gjeremål i eigen heim. Retningslinjene rundt Korona-pandemien gjer at kvardagsrehabilitering ikkje kan drive som normalt denne perioden. Likevel vil vi oppmode folk om å søkje om kvardagsrehabilitering. Alle søknadar vil verte behandla, og søkjarar vil verte kontakta.
     

Registrer di helsefaglige kompetanse!
 

Helsestasjonen i Ørsta

Helsestasjonen sitt telefonnummer er: 94 16 78 48. Opningstid: kl. 9-15 for avtalte konsultasjonar

Helsestasjonen oppdaterar informasjonen sin gjennom Helsestasjonsportalen og si Facebookside.
Råd til gravide og foreldre

Både jordmor og helsesjukepleiar blir å treffe på telefon, så ta kontakt om du lurer på noko, enten det gjeld gravide, barn 0-5 år eller barn/unge i skulehelsetenesta. 
 

Ørsta Helsestasjon har gått tilbake til normal drift, men med smitteverntiltak på plass

  • Det blir ikkje høve til drop-in utan avtale på førehand

  • Det inneber også at ikkje alle kan møte i helsestasjonslokala som før. Enkelte vil få tilbod om videokonsultasjon eller telefonkonsultasjon i staden. Dette for å minske på antal personar tilstades på helsestasjonen samtidig

  • Søsken skal ikkje følge med til helsestasjonen, og berre ein forelder skal følgje barnet dersom ikkje noko anna er avtalt 

  • Partner skal ikkje følgje med til svangerskapskontroll utan at det er avtalt med jordmor

  • Det blir mest individuelle konsultasjonar, berre enkelte grupper inntil vidare

  • Det blir ingen tilbod om utanlandsvaksinering i tida framover, på ubestemt tid

  • NB! Vi minner om at både foreldre og barn skal vere friske når dei møter på helsestasjonen. Dette gjeld også lette luftvegssymptom som sår hals, hoste og rennande nase – sjølv om ein elles kjenner seg frisk og ikkje har feber. Ta då kontakt og avbestill timen

     

Skulehelsetenesta:

  • Helsesjukepleiarane er no tilstades på alle skulane, både i grunnskulen og på vidaregåande skule, på dei faste dagane som før
     
  • Dersom du er elev, føresett eller lærar som treng å komme i kontakt med helsesjukepleiar som til vanleg er på din skule kan du ringe oss:
    • Vikemarka skule: Sanna Driveklepp, tlf. 48005974
    • Sæbø skule: Sanna Driveklepp, tlf. 48005974
    • Hovden skule: Randi Erdal, tlf. 90771540
    • Åmås friskule: Randi Erdal, tlf. 90771540
    • Velle skule: Synnøve Hareide, tlf. 90259712
    • Dalane skule: Synnøve Hareide, tlf. 90259712
    • Vartdal skule: Johanne Øvregaard, tlf. 97521941
    • Ørsta ungdomsskule: Monica W. Matinda, tlf. 91535546
    • Ørsta vidaregåande skule: Randi Erdal, tlf. 90771540 og Sanna Driveklepp, tlf. 48005974


Helsestasjon for ungdom:

  • Ørsta helsestasjon for ungdom held til i A-bygget på Ørsta vidaregåande skule, og er eit tilbod for ungdom mellom 13-20 år.
     
  • Opningstid: torsdagar kl 14-16. 
    Det er drop-in, ein treng ikkje lenger bestille time på førehand
     
  • Ta kontakt med helsestasjonen ved spørsmål: tlf. 94167848
Karantene og isolasjon


Tiltaka vi følgjer ligg på nasjonale sider:

Helsenorge: Karantene og isolasjon

FHI: Karantene og isolasjon

Koronavettreglane frå Røde Kors

Det er viktig å fremje og ta vare på eiga helse i ein slik krisesituasjon.
Kva betyr dette? - Her kan Koronavettreglane til Røde Kors kan hjelpe deg.

(Trykk på lenkja for å opne film på YouTube)

Landbrukskontoret

Informasjon frå landbrukskontoret om koronasituasjonen

Landbrukstenestene i Møre og Romsdal samarbeider med kommunane i sitt ansvarsområde om å byggje opp ein reservestyrke for husdyravløysing dersom behovet for ekstramannskap oppstår i samband med Korona-pandemien. Når ein gardbrukar vert sjukmeld, kan det søkjast om refusjon av avløysarutgifter i ettertid, med elektronisk søknad.

 

NAV

 

Publikumsmottaket er no opna igjen for fysiske møter. For at NAV skal kunne overhalde FHI sine smittevernsreglar må du bestille time på vakttelefon: 41 27 49 88Les meir om NAV Ørsta/Volda her


Arbeidsgiverar på Søre Sunnmøre - Er du arbeidsgivar som må permittere? 
Info til arbeidsgjevarar i Møre og Romsdal om permittering

Det er lange køar på arbeidsgjevartelefonen til NAV Kontaktsenter. NAV kontora på Søre-Sunnmøre har difor valt å lage ei beredskapsgruppe slik at bedriftene lett skal få informasjon og råd/rettleiing.


Kontakt oss for bistand: 

  • Oddvor F Hovden, tlf 482 52 094 
  • Kåre Hansen, tlf 406 02 047 
  • Roy Vadset, tlf 950 73 188 
  • Ragnar Svensgaard Moe, tlf 922 49 236 
  • Janne Ringstad, tlf 466 22 319 

Les meir om permitteringsreglar

NAV: Spørsmål om koronasituasjonen

Rådhuset / Servicekontoret

Servicekontoret på Ørsta rådhus er ope mellom 09.00 - 15.00.
Resten av rådhuset er stengt for publikum.

Sakshandsamarane kan berre nåast pr. telefon og e-post.

Du kan søkje opp tilsette her 

Vi bed om at de gjer ei vurdering om kor viktig det er å kome til servicekontoret. Dei som berre skal levere dokument, søknadar og liknande nyttar postkassa ved inngangen til servicekontoret. Denne vert tømt fleire gongar dagleg.


Vi er tilgjengelege på tlf. 700 49 700 mellom 08.00 - 15.30
Du kan også sende ein epost til postmottak@orsta.kommune.no eller ta ein chat med oss.

Vi har også oppretta ei epostadresse med spesielle spørsmål knytt til samfunnssituasjonen: korona@orsta.kommune.no

 

VØR - Volda og Ørsta Reinhaldsverk


VØR på facebook

VØR si heimeside


Opningstider er som følgjande:

  • Måndag, onsdag, torsdag og fredag 08.00-15.30
  • Tysdag 11.00-19.00
  • Laurdag 09.00-12.00

I tillegg har vi innført praksis om å ikkje sluse inn meir kundar enn at ein greier å halde avstand til kvarandre på leveringslinja.