Testing av Covid-19

Alle som har symptom på Covid-19 bør testast.

 

Usikker på om du bør teste deg?

Ta Helsenorge sin koronasjekk. Etter du har svart på nokre spørsmål vil du få kortfatta og tilpassa råd til din situasjon.

FHI har laga flytskjema for å hjelpe deg i vurderinga på om ein bør teste seg. Sjå flytskjema frå FHI: 

Det er låg terskel for å ta kontakt med teststasjonen på 700 58 960 om du er usikker på om du eller barnet ditt burde testast. Dersom barnet ditt er sjukt og treng legevurdering i tillegg, ta kontakt med legesenteret på 700 48 050.

 

Timebestilling

Alle som skal testast MÅ ha avtale. 

Telefon for koronatesting700 58 960 
Telefontid: måndag-fredag kl.09.00 - 14.00

Det er stor pågang for å få teste seg og til tider kan det vere ventetid for å få svar på telefonen. Det er størst pågang på mellom kl. 09-10, om de opplever lang ventetid så prøv igjen litt seinare. Alle skal få svar og testing vert utført same dag eller dagen etter. 

 

Oppmøtestad

Teststasjonen er i Langemyra 3, Hovdebygda. Lokalet er i same bygg som Glasverkstaden. Det er felles interkommunal teststasjon i samarbeid med Volda kommune.

 

Sjekk prøvesvaret på nett

Dersom du har blitt testa for covid-19 kan du logge inn og finne resultatet av prøvene på helsenorge.no

Det er viktig at alle held seg heime til dei har fått svar om negativ koronatest OG har god almenntilstand. Det gjeld eigne reglar for folk som er i karantene (karantenetida gjeld uansett kva testresultatet viser).