AKTUELT NO:

Status for koronasmitte i Ørsta

Her finn du oppdatert status for smitte i Ørsta kommune. Status blir no oppdatert kvar måndag ettermiddag.

Siste melding om smitte:

Fredag 24. juni kl. 12:20
Ørsta kommune har hittil fått melding om 40 nye tilfelle av Covid-19 i veke 25.
Pga at færre og færre leverar inn PCR-testar kan det vere store mørke tal.

Totalt 5 090 positive prøver i Ørsta kommune (Tal frå MSIS og nye tal frå kommunen).

Helse norge - Alt om korona  Ørsta kommune - Informasjon om korona

 

Melding om status for smitte: 

Veke 25: 20.06.2022–26.06.2022

Fredag 24. juni kl. 12:20
Ørsta kommune har fått melding om 12 nye tilfelle av Covid-19 i veke 24.
Ørsta kommune har hittil fått melding om 40 nye tilfelle av Covid-19 i veke 25.

Veke 24: 13.06.2022–19.06.2022

Fredag 24. juni kl. 12:20
Ørsta kommune har fått melding om 10 nye tilfelle av Covid-19 i veke 23.

Veke 23: 06.06.2022–12.06.2022

Fredag 24. juni kl. 12:20
Ørsta kommune har fått melding om 22 nye tilfelle av Covid-19 i veke 22.

Veke 22: 30.05.2022–05.06.2022

Fredag 24. juni kl. 12:20
Ørsta kommune har fått melding om 26 nye tilfelle av Covid-19 i veke 21.

Veke 21: 23.05.2022–29.05.2022

Måndag 23. mai kl. 12.33
Ørsta kommune har fått melding om 32 nye tilfelle av Covid-19 i veke 20.

Veke 20: 16.05.2022–22.05.2022

Onsdag 18. mai kl. 10:46
Ørsta kommune har fått melding om 14 nye tilfelle av Covid-19 i veke 19.

Veke 19: 09.05.2022–15.05.2022

Tysdag 10. mai kl. 09:24
Ørsta kommune har fått melding om 29 nye tilfelle av Covid-19 i veke 18.

Veke 18: 02.05.2022–08.05.2022

Måndag 2. mai kl. 10:10
Ørsta kommune har fått melding om 49 nye tilfelle av Covid-19 i veke 17.

Veke 17: 25.04.2022–01.05.2022

Tysdag 26. april kl. 09:15
Ørsta kommune har fått melding om 75 nye tilfelle av Covid-19 i veke 16.

Veke 16: 18.04.2022–24.04.2022

Måndag 19. april kl. 11:00
Ørsta kommune har fått melding om 49 nye tilfelle av Covid-19 i veke 15.

Veke 15: 11.04.2022–17.04.2022

Måndag 11. april kl. 11:00
Ørsta kommune fekk i veke 14 melding om 71 nye tilfelle av Covid-19.

Veke 14: 04.04.2022–10.04.2022

Måndag 4. april kl. 14.39
Ørsta kommune fekk melding om 123 nye tilfelle av Covid-19 i veke 13.

Veke 13: 28.03.2022–03.04.2022

Måndag 28. mars kl. 12.15

Ørsta kommune fekk melding om 185 nye tilfelle av Covid-19 i veke 12.

Veke 12: 21.03.2022–27.03.2022

Måndag 21. mars kl. 14.00

Ørsta kommune fekk i veke 11 melding om 381 nye tilfelle av Covid-19.

Veke 11: 14.03.2022–20.03.2022

Måndag 14. mars kl. 12:45

Ørsta kommune fekk i veke 10 melding om 540 nye tilfelle av Covid-19.

Veke 10: 07.03.2022–13.03.2022

Måndag 7. mars kl. 10:35

I veke 9 fekk Ørsta kommune melding om 738 nye tilfelle av Covid-19.

Veke 9: 28.02.2022–06.03.2022

Måndag 28. feb kl. 10:35

Ørsta fekk i veke 8 melding om 975 nye tilfelle av Covid-19. Det er meir enn dobbelt så mange som veka før og ei markant auke. Vi ser også ei auke i smitte blant dei litt eldre. Ørsta kommune har dei siste 14 dagane det høgaste smittetrykket i heile landet.

Det ser ut til at færre blir alvorlig sjuke som forventa med omikronvarianten. Men det er ikkje slik at omikron berre er ei lett forkjøling sjølv om det er det for nokre. Mange blir framleis nokså sjuke og innleggingar aukar både i Møre og Romsdal og nasjonalt.

Veke 8: 21.02.2022–27.02.2022

Måndag 21. feb kl. 10:25

Sidan onsdag forrige veke har vi fått inn melding om 352 nye smitta.

Totalt i veke 7 er det meldt om 474 nye tilfelle av Covid-19.

Veke 7: 14.02.2022–20.02.2022

Onsdag 16. februar kl. 11.10
Ørsta kommune har måndag og tysdag denne veka fått melding om 122 nye tilfelle av Covid-19.
Vi vil frå no av gå over til å oppdatere smittetal vekentleg, med oppdatering kvar måndag.

Måndag 14. februar kl. 09.10

Ørsta kommune har sidan fredag morgon fått melding om 136 nye tilfelle av Covid-19.

I veke 6 vart det totalt meldt 327 nye tilfelle.

Veke 6: 07.02.2022–13.02.2022

Fredag 11. februar kl. 09:06
Ørsta kommune fekk torsdag kveld melding om 53 nye tilfelle av Covid-19.

Torsdag 10. februar kl. 09:10
Ørsta kommune fekk seint i går kveld melding om 59 nye tilfelle av Covid-19.

Onsdag 9. februar kl. 09:00
Ørsta kommune fekk seint i går kveld melding om 79 nye tilfelle av Covid-19 siste døgnet.

Måndag 7. februar kl. 09:10
Ørsta kommune har fått melding om 59 nye tilfelle av Covid-19 sidan fredag.

I veke 5 vart det meldt totalt 164 tilfelle av Covid-19 i Ørsta.

Veke 5: 31.01.2022–06.02.2022

Fredag 4. februar kl. 09:10
Ørsta kommune fekk i går kveld melding om 19 nye tilfelle av Covid-19. Ein av desse har ukjend smitteveg, resten kjend smitteveg.

Torsdag 3. februar kl. 09:30
Ørsta kommune fekk i går kveld melding om 24 nye tilfelle av Covid-19. To av dei har ukjend smitteveg, resten har kjend smitteveg.

Onsdag 2. februar kl. 08:15  
Ørsta kommune fekk i går, 1 februar melding om 24 nye tilfelle av Covid-19. To har usikker smitteveg, resten kjend smitteveg.

Tysdag 1. februar kl. 14:00  
Ørsta kommune har sidan søndag fått melding om 38 nye tilfelle av Covid-19. Alle har kjend smitteveg.

Veke 4: 24.01.2022–30.01.2022

Søndag 30. januar kl. 22:10
Ørsta kommune har sidan torsdag fått melding om 56 nye tilfelle av Covid-19. To av desse har ukjend smitteveg, resten kjend smitteveg.

I veke 4 er det meldt 130 tilfelle av Covid-19

Fredag 28. januar kl. 07:30
Ørsta kommune fekk i går, 27. januar melding om 19 tilfelle av Covid-19. Tre av desse har ukjend smitteveg, resten har kjend smitteveg.  

Torsdag 27. januar kl. 08:00
Ørsta kommune fekk i går, 26. januar, melding om 20 nye tilfelle av Covid-19. Ein av dei har ukjend smitteveg, resten kjend smitteveg. Det har også blitt meldt inn over 20 positive hurtigtestar etter to heimefestar i helga.
Vi ser at dei unge festdeltakarane nok ein gang er svært flinke å varsle kvarandre og teste seg og vi vil gi skryt til dei.

Onsdag 26. januar kl. 08:00
Ørsta kommune fekk tysdag 25. januar melding om 35 nye tilfelle av Covid-19. Tre av desse har ukjend smittekjelde, ein er truleg smitta i utlandet og resten har kjend smitteveg.

Mandag 24. januar kl. 09:50
Ørsta kommune har sidan torsdag fått melding om 19 nye tilfelle av Covid-19. To av dei har usikker smitteveg, resten kjend smitteveg. Vi har i løpet av helga fått melding om fleire positive hurtigtestar, to klasser på Velle er råka og ei klasse på Vikemarka.

I veke 3 vart det meldt til saman 77 tilfelle av Covid-19 i Ørsta kommune. Vi ser at omikron ser ut til å gi symptomer frå mage-tarm-systemet i større grad enn tidlegare variantar, særleg hos barn, men også vaksne. Ta gjerne ein PCR også om du eller barnet ditt berre har magesmerter, diare eller oppkast. Det sirkulerer også fleire ulike mage-tarm virus for tida, så det er ikkje alltid lett å skilje.

Veke 3: 17.01.2022–23.01.2022

Fredag 21. januar kl. 10:55
Ørsta kommune har sidan i går fått melding om 17 nye tilfelle av Covid-19. Ein har usikker smitteveg, resten har kjend smitteveg. To nye klasser på Velle skule er råka. Vi minner om at ein bør velje PCR test om ein er nærkontakt og får symptom, då hurtigtestane ikkje er like gode.

Onsdag 19. januar kl. 08:15
Ørsta kommune fekk 18. januar melding om 9 nye tilfelle av Covid-19. Alle desse hadde kjend smitteveg.
Den 19. januar vart det meldt 22 nye tilfelle, to av desse har ukjend smittekjelde. Ei klasse ved Volda VGS, ei avdeling i Kvitveisen barnehage og ei avdeling i Farkvamen barnehage er råka. Nærkontaktene har fått informasjon frå skulane og barnehagane, dei er råda til å ta test på dag 3 og 5 etter siste kontakt med ein smitta.

Tysdag 18. januar kl. 13:15
Ørsta kommune har sidan i går kveld 17. januar fått melding om 10 nye tilfelle av Covid-19. Alle har kjend smitteveg.

Måndag 17. januar kl. 15:20
Ørsta kommune har sidan fredag ettermiddag fått melding om 23 nye tilfelle av Covid-19. Ei ny klasse ved Ørsta Ungdomsskule og ei klasse ved Hovden skule er råka. Desse skal ha fått beskjed og får utdelt testar på skulen. Det er anbefalt å ta test på dag 3 og 5 etter siste kontakt med ein smitta. Smittevegen er kjend for alle tilfella.

I veke 2 (10.-16. januar) fekk Ørsta kommune melding om til saman 109 smitta.

Veke 2: 10.01.2022–16.01.2022

Fredag 14. januar kl. 16:50
Ørsta kommune har sidan i går fått melding om 11 nye tilfelle av Covid-19. Ei klasse på Velle skule er råka, ei avdeling i Kvitveisen barnehage, og ei klasse ved Volda VGS. Vi minner om nye anbefalingar for «øvrige nærkontakter», dei er no anbefalt å teste seg på dag 3 og 5 etter siste nærkontakt med ein smitta, men treng ikkje være i karantene. Dei som bur i same husstand som ein smitta må framleis være i karantene

Torsdag 13. januar kl. 16:00
Ørsta kommune har sidan i går kveld fått melding om 7 nye tilfelle av Covid-19. Ei klasse på Sæbø skule er råka og ei klasse på Ørsta ungdomsskule, samt eit fotballag. Det er også påvist smitte på Møre folkehøgskule. Alle det gjeld får informasjon frå skulane. Det har vore smitta og trent på Aktiv trening 11.01 og 12.01 om ettermiddagen begge dagar. Vi ber dei som har vore på Aktiv i same tidsrom om å være merksame på symptom og ha låg terskel for å teste seg ved symptomutvikling innanfor dei neste 10 dagane.

Onsdag 12. januar kl. 22:20
Ørsta kommune fekk i dag melding om 10 nye tilfelle av Covid-19. Alle har kjend smitteveg. Ei avdeling i Barnas vel er råka og får informasjon og testar frå barnehagen.

Tysdag 11. januar kl. 22:15
Ørsta kommune fekk i kveld melding om 15 nye tilfelle av Covid-19. To har ukjend smitteveg, men er truleg smitta i andre kommunar, resten har kjend smitteveg.

Måndag 10. januar kl. 22:40
Ørsta kommune fekk i kveld melding om 20 nye tilfelle av Covid-19. Alle desse har kjend smitteveg. Ei avdeling i Farkvamen barnehage er råka, desse er anbefalt test på dag 3 og 7 og får testar og informasjon frå barnehagen. Mange av dei smitta høyrer til utbrotet på Dalane skule.

Veke 1: 03.01.2022–09.01.2022

Laurdag  8. januar kl. 21:00
Ørsta kommune fekk i kveld meldt ytterlegare 4 tilfelle av Covid-19, samtlege har kjend smitteveg. Vi har også fått melding om fleire positive hurtigtestar på fjerde trinn på Dalane skule, samt Dalane barnehage. Skulen og barnehagen har gitt informasjon til dei som er råka. Desse er anbefalt å teste seg på dag 3 og 7 etter nærkontakt og er anbefalt å halde seg i fritidskarantene og følgje med på symptomutvikling i 10 dagar.

Laurdag  8. januar kl. 12:00
Ørsta kommune har i dag fått melding om 6 nye tilfelle av Covid-19. Fem av dei har kjend smitteveg, smitta skriv seg frå andre kommunar. Ein av dei har ukjend smitteveg, men også her mistenker vi at vedkommande har blitt smitta i ein annan kommune. Ei avdeling på Hjørundfjordheimen er råka, alle bebuarane på avdelinga har fått tredje dose og bebuarane og tilsette vil bli testa etter retningslinje frå FHI. Det er mistanke om at smitta på Hjørundfjordheimen dreier seg om omikron.

Fredag 7. januar kl. 16:45
Ørsta kommune fekk seint i går kveld melding om 2 nye smitta, og det er også kome melding om 3 nye i dag. Sjette klasse på Velle skule og ei klasse på Ørsta opplæringssenter er råka og har fått med seg testar heim i dag. Dei er anbefalt å teste seg på dag 3 og 7 og er anbefalt å følgje med på symptom og halde seg i fritidskarantene i 10 dagar. Det er også bekrefta ytterlegare eit tilfelle av omikron i Ørsta. Vedkomande har ukjend smittekjelde.

Onsdag 5. januar kl. 11:35
Ørsta kommune fekk i går melding om 8 nye tilfelle av Covid-19. Ein har blitt smitta på utanlandsreise, resten har kjend smitteveg.

Måndag 3. januar kl. 22.30
Ørsta kommune fekk melding om 10 nye tilfelle av Covid-19 i ettermiddag. Tre av dei har ukjend smitteveg, men to av desse har blitt smitta i utlandet. Sju av dei har kjend smitteveg. 

Måndag 3. januar kl. 08.05
Ørsta kommune har fått meldt 6 nye tilfelle av Covid-19 sidan torsdag 30. desember. Fire av dei har kjent smitteveg, to av dei har ukjend smitteveg. Smitta skriv seg frå både nabokommunar og andre delar av landet.

Smittestatus 2021