Velkomne til besøk på Bakk-Ola-marka

Klikk for stort bilete   

No kan du besøke dei som bur på Bakk-Ola-marka igjen. Dørene er framleis låste og du må avtale besøket på førehand. 

Råda om smittevern gjeld framleis. Takk for at du gjer ditt for å hindre koronaviruset i å spreie seg. 




Besøk på Bakk-Ola-marka

Besøket skal skje ute eller i leiligheta til den du skal besøke. Det er ikkje høve til å opphalde seg i fellesareal. 
Ytterdørene er stengde. Ring avdelinga til den du skal besøke: 

  • Heimebasert BOM: 47 71 35 35
  • Bu og habilitering: 47 64 04 47

Bruk handsprit rett innanfor ytterdøra. Bruk handsprit før du går ut av leilegheita. 
Gå rett til leilegheita og ha følge ut igjen. Ikkje opphald deg i fellesareala. Prøv også å unngå å ta på kontaktflater i fellesareala. 


Dette må du hugse uansett kvar du skal på besøk

  • Du må avtale besøket på førehand. 
  • Skrive deg inn i besøkslogg i leiligheta.
  • Du må vere frisk når du kjem. 
  • Ha god handhygiene. 
  • Unngå å klemme. 
  • Hald ein meters avstand. 
  • Bebuaren bør ha få på besøk om gongen.