Velkommen til skulen til alle elevar på 1-4. trinn!

Klikk for stort bileteSkulane i Ørsta har no smittevernrutiner og planar klare i samsvar med smittevernrettleiaren som vi har fått. Desse har vi arbeidd med sidan regjeringa 7. april bestemte at 1.-4. trinn skal tilbake til skulane.

(5.-10. trinn held føreløpig fram med opplæring via internett, som til no.)  Elevar på 1.-4. trinn og lærarar og andre som jobbar på skulane, kan dermed igjen treffast på forvarleg vis utanom nettet. Det gler vi som er tilsette i Ørstaskulen oss til. Vi kjenner oss sikre på at borna også gled seg til å møte kvarandre. Skulle der vere born eller vaksne som treng å snakke med skulen om dette, må de ikkje nøle med å ta kontakt med kontaktlærar eller rektor.

 

Rettleiaren finn de her

Opningstida er mellom kl 08.00 og 15.30 

Dette er den samla opningstida for både skule og SFO. Dette av omsyn til innkøyring av nye hygienerutinar. 

Her finn de informasjon om foreldrebetaling i perioden.


Smittevern

Sjølv om smittevernet kjem til å vere sentralt på skulane, vil det aller viktigaste verte å vere i lag og å lære kvarandre å kjenne og verte trygge på kvarandre igjen. I denne situasjonen kan det hende at reint faginnhald vil kome litt i andre rekke, men sosial læring og inkludering er også ein viktig del av fagopplæringa. Dette er styrkt i den nye læreplanen som vert sett i verk til hausten. Vi lærer best når vi er trygge. 

At skulane opnar, betyr ikkje at skuledagen vert som før Corona. Samhandling mellom elevar, mellom tilsette og mellom tilsette og elevar vil måtte følgje nye reglar, og noko må vi be om hjelp til frå føresette. Det gjeld vurderingar og handlingar som må skje i heimen. Smittevernet har nokre fokusområde:

  • God hand- og hostehygiene
  • Godt reinhald
  • Redusert kontakt mellom personar
  • Tidleg isolering av sjuke
     

Dette betyr at 

  • Vi må bruke tid på å øve inn hygiene- og reinhaldsrutinar. Det er fint om de snakkar om dette heime etter skuletid.
  • Vi må ha mindre grupper (kohortar) med så faste lærarar og assistentar som mogleg.
  • Ingen, verken born eller vaksne, skal vere på skulen eller i SFO  dersom dei er sjuke.

 

Opningstid

For å få dette til samstundes som vi igjen lærer kvarandre å kjenne, får tid til å glede oss over å vere i lag og også jobbe med fag, er det bestemt at samla opningstid for skule/SFO vil verte redusert. Opningstida vil vere 8.00-15.30, i alle fall fram til 1. mai. Om anna gjeld ved ein skule, vil skulen gi beskjed. Føresette i kritiske samfunnsfunksjonar tek kontakt med rektor dersom der er trong om tilsyn ut over desse tidene. Timeplanen vil verte endra, og ved somme skular vil det verte nødvendig også å justere sluttider for skuledagen med tanke på det personalet vi har til rådvelde. 
 

Skuleskyss

Det kan også verte aktuelt å endre tid for skuleskyssen heim. De vil i så fall få informasjon om dette frå rektor. Skulebussane vil, etter det vi veit no, gå som vanleg, men smittevernrettleiaren rår til at bruk av offentleg transport til og frå skulen vert avgrensa så mykje som mogleg. Rettleiaren gir råd om korleis borna bør sitje i bussen, og seier også at elevane må halde ein meters avstand medan dei ventar på bussen. Av smittevern- og plassomsyn er det difor best dersom eleven kan gå, sykle eller verte køyrd av foreldre til skulen.
 

SFO

Når det gjeld SFO, er rådet i smittevernrettleiaren at dei gruppene (kohortane) som elevane er del av i skuletida, også skal oppretthaldast i SFO så langt som råd. I SFO-tida skal elevane vere mest mogleg ute i tildelt del av skuleområdet. Nokre grupper vil oppleve at dei har SFO i andre rom enn vanleg. Skulen vil gi beskjed om oppmøtestad måndag 27. april.

Betaling av SFO: Det vert inga rekning på SFO-betaling i mai. Det du har betalt for mykje i mars, vil vere trekt frå i faktura som kjem i juni.

 

- Det er viktig at føresette snakkar med borna

... om alt dette nye og hjelper dei til å forstå kvifor desse tiltaka er nødvendige, i tråd med smittevernrettleiaren. Samstundes er det viktig at vi som er vaksne tryggar borna godt. På grunn av organisering av elevane i mindre grupper enn før, er personalsituasjonen meir sårbar. Det kan dermed verte nødvendig å legge om ordningar på kort varsel, t.d. ved personalmangel. Difor er det endå viktigare enn før at føresette held seg dagleg oppdaterte om informasjon frå skulen. Ver ikkje redde for å spørje dersom noko er uklart. 

Sist, men ikkje minst: Dette får vi til SAMAN!