Vaksinering vidare framover i Ørsta

Pixabay  Ørsta kommune har nok vaksinedoser til alle. 

Vi har avslutta innkalling til vaksinering. Personar som enno ikkje har fått time til 1. eller 2. dose, må sjølve ta kontakt med vaksinetelefonen for bestilling av time. Dersom nokon har utsett timen sin må dei ta kontakt med vaksinetelefonen for ny time, dei vil ikkje bli kalla inn på nytt.
Framover blir det vaksinering kun torsdagar i veke 36 – 37 – 38 – 39, og deretter ein gong pr månad, så langt vi har planlagt no. Dette betyr at folk må vere raske og sørge for å bestille time så dei slepp å vente unødig lenge.
Frå 7. september vert det opna for sjølvbooking av vaksineringstime for aldersgruppene 12–17 år via Helsenorge.

16 og 17 åringar:
Alle som er fødde i 2004 og 2005 skal ha tilbod om to vaksinedoser og har fått innkalling via Helsenorge. Denne gruppa har fått innkalling til veke 37, timen kan evt. flyttast til veke 38 og 39. Dersom nokon ikkje har fått innkalling og ønsker vaksine, må dei ta kontakt på vaksinetelefonen eller prøve å bestille time Helsenorge sjølve. 
Dei fleste har fylt 16 år og er helserettsleg myndige og kan samtykke til vaksinasjon sjølve. Dei som er fødde i 2005 og ikkje har fylt 16 år endå, MÅ ta med samtykkeskjema med underskrift frå BEGGE føresette ved felles foreldreansvar. Dette vert sjekka når du kjem til vaksinasjonslokala. Dersom den eine foresatte er bortreist, så ta med stadfesting på SMS/epost frå vedkomande.

Samtykkeskjema for foresatte

Denne gruppa skal ha intervall på 8-12 veker mellom dosene.
Det er fint om de raskt kan stadfeste den oppsette timen på Helsenorge. 

12 – 15 åringar:
Årskulla 2006, 2007, 2008 og alle frå 2009 så snart dei har fylt 12 år, skal få tilbod om vaksine. Denne gruppa skal ha berre ei dose i denne omgang, og føresette må sjølve bestille time til vaksineringa via Helsenorge, evt. ringe vaksinetelefonen. Ein kan bestille time i veke 37, 38, 39. 

Vaksinasjon av barn og unge - informasjon frå FHI 

For barn og ungdom under 16 år MÅ ein ha samtykke med underskrift frå BEGGE føresette ved felles foreldreansvar. Dette vert sjekka når du kjem til vaksinasjonslokala. 

Samtykkeskjema for foresatte
 
Barn og unge 12 år eller eldre som har gjennomgått covid-19 infeksjon, bør førebels ikkje motta vaksine, dei vil vere godt verna mot ny infeksjon. Dersom ein er usikker på dette, kan 1 dose settast.
Barn og unge 12 år eller eldre med alvorleg underliggande sjukdom skal ha tilbod om 2 vaksinedoser.

Det kan vere aktuelt med to doser for enkelte barn som bur i familiar med sårbare pårørande eller andre tilleggsrisikoar. Intervall mellom dosene bør då vere på 8 – 12 veker.

Det vert tilrådd at koronavaksiner vert sette med minst 1 vekes intervall til andre vaksiner. Vaksinering i skulehelsetenesta tek omsyn til dette. 
Brosjyre: Koronavaksine for ungdom 12–15 år

  

Vaksinering av gravide:
FHI tilråder at alle gravide kvinner får tilbod om to doser mRNA-vaksine mot covid-19, og at vaksineringa foregår i 2. eller 3. trimester av svangerskapet. Ein vaksinerer vanlegvis ikkje i 1.trimester, med unntak av enkelte i risikogruppa, etter vurdering av lege. Har du spørsmål så ta kontakt med fastlegen. Bestill time via Helsenorge eller på tlf. 700 58965. 

Vaksinasjon av gravide og ammende - informasjon frå FHI   

Vaksinasjon med to ulike koronavaksiner:
I koronavaksinasjonsprogrammet i Norge brukar ein dei to mRNA-vaksinene fra BioNTech/Pfizer og Moderna. Vaksinene baserer seg på samme teknologi og er svært like i korleis dei er bygde opp og fungerer. Nokre vil bli tilbodne ein kombinasjon av dei to koronavaksinene, der 1.dose er av den eine typen og 2. dose av den andre typen. Ein slik kombinasjon er brukt i ei rekke land, og ein ventar like god, kanskje betre effekt av vaksinene når dei er gitt i ein kombinasjon.


Vaksinering med ei 3. dose koronavaksine:
Dei som vil bli vurdert for tilbod om ei tredje vaksinedose er pasientar i følgjande grupper:

  • Transplanterte
  • Alvorleg og moderat medfødd immunsvikt
  • Ved aktiv behandling mot kreft
  • Alvorleg nyresvikt og behov for dialyse
  • Redusert immunforsvar som følgje av HIV-infeksjon
  • Pågåande betydeleg immunsuppressiv behandling av annan årsak der indikasjon er vurdert av spesialisthelsetenesta. Dette er ei samansett gruppe og krev individuell vurdering
  •  Pasientar som av ansvarleg legespesialist blir ansett å ha svært nedsett immunforsvar og som ikkje inngår i ei av gruppene ovanfor

Folkehelseinstituttet jobbar no med praktisk informasjon om tilbodet til kommuner og spesialisthelsetenesta. Dette blir klart i løpet av kort tid.

Dersom du har vore smitta av Covid- 19: 
Har du vore smitta med Covid 19 og fått ei dose koronavaksine før, er du å rekne som fullvaksinert.  Har du vore smitta og ikkje teke vaksine før, må du bestille time til ei dose koronavaksine cirka 3 mnd. etter symptomfri, via Helsenorge eller på tlf. 700 58965. Tilsette på vaksinetelefonen vil sette opp med passande intervall. 

Har du spørsmål så ta kontakt med fastlegen din eller vaksinetelefonen. 

Elevar, studentar og andre som ikkje er folkeregistrert i kommunen kan ta kontakt for vaksinering med dose 1 og dose 2 på tlf. 700 58965.

Vaksinasjonsteamet i Ørsta brukar  mykje tid og ressursar til planlegging og gjennomføring av vaksinasjonen. Stadige endringar på t.d intervall og nye prioriterte grupper er svært krevjande. 
Den beste hjelpa vi kan få er at tima vert bekrefta raskt og at ein møte til oppsett tid til vaksinering.
 

Kontakt

Vaksinasjonstelefon (mån-fre kl.11-15)
700 58 965