AKTUELT NO:

Val 2021Alt om korona  |  Bestill koronatest  |  Koronavaksinering​​​​​​​

Vaksinering med AstraZeneca er sett på pause

Klikk for stort bileteIllustrasjon: FHI

 

Folkehelseinstituttet og Legemiddelverket stansar alle vaksinering med AstraZeneca vaksinen i Noreg inntil ein har undersøkt danske rapportar om det er samanheng mellom vaksinen og blodpropp.

På grunn av dette blir vaksinasjonsprogrammet i Noreg og i Ørsta forseinka. I veke 11 får vi 144 dosar frå Pfizer.

Vaksinedosane frå AstraZeneca som Ørsta allereie har mottatt blir forsvarleg lagra inntil vidare, slik at dei eventuelt kan brukast på eit seinare tidspunkt.

AstraZeneca vart gitt til helsepersonell og gruppe 5. Vi har fått beskjed om å stanse vaksinering av helsepersonell dersom ein er ferdig med å vaksinere kritisk helsepersonell i kommunen. Dosene vi får framover frå Pfizer skal følgje prioriteringsgruppene vidare. Vi vaksinerer no gruppe 3 og vil halde fram med denne gruppa, deretter blir det gruppe 4 osv. Vi har lov å gi ein liten prosent til kritisk helsepersonell framleis, men øvrig helsepersonell som var tiltenkt AstraZeneca må vente inntil vidare. Gruppe 5, som også skulle få AstraZeneca vaksinen, må også vente til vi kjem til denne gruppa.

Les meir om AstraZeneca stansen på FHI.

 

Prioriteringsrekkefølge

Vi følger nasjonale føringar for prioritering av vaksiner. 

  1. Bebuarar i sjukeheim 
  2. Alder 85 år og eldre
  3. Alder 75-84 år
  4. Alder 65-74 år og personar mellom 18 og 64 år med sjukdomar/tilstandar med høg risiko for alvorleg forløp.
  5. Alder 55-64 år med underliggande sjukdomar/tilstandar.
  6. Alder 45-54 år med underliggande sjukdomar/tilstandar.
  7. Alder 18-44 år med underliggande sjukdomar/tilstandar.
  8. Alder 55-64 år 
  9. Alder 45-54 år 

Les meir om prioriteringsrekkefølga på fhi.no.