Tilsett på avdelinga Bakketun på Ørstaheimen er smitta

korona - Klikk for stort bileteMe fekk i dag 31. juli 2021 stadfesta at ein tilsett på avdelinga Bakketun på Ørstaheimen har testa positivt på Covid 19. Bakketun er stengt for ordinære besøk, og Ørstaheimen er stengd for inntak av akutte pasientar i helga.

Den tilsette kan ha vore smitteførande på jobb tidlegare i veka og alle bebuarar på Bakketun er i dag testa.

Ingen besøkande er rekna som nærkontakt til den smitta.

Tilsette vert også testa og nærkontaktar er sett i karantene.

Avdelinga kjem til å vere stengt for ordinære besøk fram til tidelgast neste helg.

Smitteverntiltak er iverksett og pårørande orientert.

Ørstaheimen vert stengd for inntak av akutte pasientar i helga.

Gjeldande reglar for besøk på sjukeheimane

Lokale tiltak, råd og reglar