Tilrår framleis karantene for Ørsta ungdomsskule

Illustrasjonsfoto: koronavirus Centers for Disease Control and Prevention/Wikimedia Commons Det dukkar framleis opp nye smittetilfeller i Ørsta som særleg er knytt til smitteutbrotet ved Ørsta Ungdomsskule. Kommunelegen tilrår difor framleis at elevar ved skulen er i ordinær smittekarantene.

Det er ikkje kapasitet til å følge opp kvar enkelt i eit testregime, men dei som ønsker testing i staden for å halde seg i karantene kan velje å følge testregime og bestille testar til dette sjølve.

Om nokon vel å teste seg framfor å gå i karantene er ein sjølv ansvarleg for å teste seg til rette dagar og tider ut frå informasjonen dei har motteke om kjende nærkontakter.

For å få kontroll på smitteutbrotet rår kommunen framleis til at alle nærkontakter som er tilknytta utbrotet på Ørsta ungdomsskule held seg i ordinær smittekarantene.