Tilrår begrensa besøk til sjukeheimane

Illustrasjonsfoto: Matthias Zomer / Pexels - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto: Matthias Zomer / PexelsDet er ikkje avdekka meir smitte blant bebuarar eller tilsette på sjukeheimane. Vi tilrår likevel begrensa besøk til sjukeheimane.

Lokal smitte er omfattande. Me tilrår difor i samråd med kommuneoverlegen også denne veka å begrense besøk til sjukeheimane, og at gjestar vurderer nøye om det er risiko for at dei kan ha vore utsett for smitte privat, i arbeid eller offentleg.

Det har vore smitta tilsette på jobb på fleire treningssenter, butikkar og serveringsstader i Ørsta og Volda kommune. Har du sist veke vore mykje på slike stader, kan du vere eksponert for smitte.

Våre bebuarar/pasientar kan grunna alder og svekka helsetilstand ha dårlegare beskyttelse av vaksiner, og dei kan bli smitta sjølv om dei er vaksinerte.

Så langt som råd tilrår me besøk ute. Besøk bør vere avgrensa til nære pårørande. Viss den besøkande ikkje er fullvaksinert, tilrår me bruk av munnbind inne, og å halde 2 meter avstand både ute og inne.

Ved besøk til uvaksinerte bebuarar/pasientar tilrår me å bruke munnbind ved besøk inne, og å halde minst 2 meter avstand både ute og inne.

Bakketun har hatt ein smitta tilsett. Alle bebuarar og tilsette har testa negativt på første test. Bebuarar på Bakketun kan difor også ha besøk, men her vil me særleg tilrå besøk ute, og besøkande som ikkje er fullvaksinerte bør halda 2 meter avstand. Andre besøkande oppfordrast også til 1 meter avstand om det let seg gjera.

Ytterdørene vert låste på sjukeheimane også denne veka. 
Besøkande tar kontakt med avdelingsleiarar på dagtid for å avtala tidspunkt for besøk.