Testing erstattar smittekarantene for barn og unge – Oppdatert 26. august 2021

OBS: Dokumentet nedst i artikkelen er oppdatert torsdag 26. august

FHI har anbefalt at nærkontaktar som er under 18 år, kan erstatte smittekarantene med hyppig testing. Det betyr at elevane framleis kan gå på skulen, gitt at dei følger kommunen sitt testregime.

Formålet med dette er at elevane skal få leve så normalt som mogleg, og unngå at dei går glipp av skuleundervisning. FHI vurderer at smitterisikoen er akseptabel så lenge ein gjennomfører regelmessig testing, då smitterisikoen mellom barn er lågare enn mellom vaksne.

Det er litt ulike rutiner for korleis ein skal testast dersom ein er under 12 år eller går på barneskulen, i forhold til om ein er i aldersgruppa 12–18 år. Det er laga ei oversikt over dette som du finn i dokumentet Testing erstattar smittekarantene for barn og unge.

I dokumentet finn du også svar på følgjande spørsmål:

  • Kva type test er dette?
  • Kva skjer om nokon i klassen testar positivt?
  • Kven kan vere med?
  • Kva reglar gjeld på skulen og på fritida?
  • Kva gjer du om du får symptom?
  • Kva gjer ein dersom ein ikkje ynskjer å vere med på skuletestinga?
  • Kva reglar gjeld for vaksinerte og dei som tidlegare har hatt covid-19?
     

Dokument: Testing erstattar smittekarantene for barn og unge (PDF - Oppdatert 26. august 2021)