Status på koronasituasjonen i Ørsta

FHI Vi er glade for at vi fekk rask kontroll på det store utbrotet og utviklinga går no i rett retning. Vi har ikkje mistanke om at der har vore omfattande smitteoverføring i butikkar og andre stadar utanom dei samkoma vi veit mange vart smitta.

Framleis sitt ein del i isolasjon og karantene, så faren er ikkje over. Vi veit at berre ein glipp kan reversere situasjonen. Det aller viktigaste i tida framover er at folk er flinke å teste seg.

I veke 32 vart det utført 479 testar på teststasjonen, dette tilsvara 2,2 prosent av befolkninga. Det vart meldt berre 6 positive i Ørsta og Volda i veke 32. Testprosenten er lågare enn vi ynskjer, at folk testar seg er avgjerande for å oppdage smitten. 

Under utbrotet fekk vi verkeleg prøvd oss og det er godt å vite at teststasjonen og smittesporinga fungera slik at vi kan slå ned også store delta-utbrot raskt. Sjølv om mange framover vil sleppe karantene, også skuleelevar, så må vi framleis identifisere alle personane, kontakte dei og avtale og organisere testing. Smittesporingsarbeidet vil derfor være tilnærma likt som det har vore til no også utover hausten.  

Status teneste

Barnehagane er i normal drift på grønt nivå.

Skulane startar også på grønt nivå ved skulestart 23. august. Kohort-testing (klassevis) i skulane kan verte aktuelt. Kommuneoverlegen vil utarbeide opplegg saman med skulane.

Ørstaheimen har stengde dører også i veka 33, besøk må avtalast. Ny vurdering vert gjort i neste veke.

Bakk-Ola-marka har opne dører

Vaksinasjon
Vaksineringa går framover i raskt tempo. Vi får fleire dosar enn forventa og vil derfor framskynde dose to for alle. I desse dagar får alle SMS med ny time. Det er svært viktig at alle stadfestar den nye timen raskt eller gir beskjed om den ikkje passar. Vi er heilt avhengige av at folk stadfestar slik at vi veit kven som kjem og vi  får legge planar slik at alle dosane vert nytta. Truleg vil tilnærma alle i Ørsta ha fått dose to innan fire veker. 

Takk for at du gjer ditt for å hindre koronaviruset i å spreie seg. 

 Status torsdag 5. august - samling av tidlegare artiklar frå koronautbrotet