Status koronautbrot – oppdatering måndag 20. september 22:00

FHI

Ørsta kommune fekk 20.09 melding om eit nytt smittetilfelle med covid-19. Vedkomande er nærkontakt til kjende smittetilfelle, og utløyser ingen nye nærkontaktar.

Informasjon, råd og tiltak

                                    

Tidlegare meldingar om smitta

Tysdag 14. september 15:40
Ørsta kommune fekk melding om 3 nye smittetilfelle med covid-19. To av desse er nærkontaktar til tidlegare kjende smittetilfelle, og ein har førebels ukjend smitteveg. Ei klasse på Vikemarka skule og eit fotballag i Ørsta er råka.

Måndag 13. september 23:00
Ørsta kommune fekk seint måndag kveld melding om 3 nye smittetilfelle med covid-19. Alle 3 var husstandsmedlem til kjende smittetilfelle. Det er ingen nye nærkontaktar. 

Måndag 13. september 16:00
Ørsta kommune fekk måndag 13.09. melding om 1 nytt smittetilfelle med covid-19. Vedkomande var i karantene og utløyser ingen nye nærkontakter.

Torsdag 9. september 14.50 Ørsta kommune fekk i dag melding om 2 nye smittetilfelle med covid-19. Desse er nærkontakter til kjende smittetilfelle, og utløyser ingen nye nærkontakter.

Onsdag 8. september fekk Ørsta kommune meldt 6 nye smittetilfelle med covid-19. To av desse har førebels ukjend smitteveg og testa seg pga. symptom. Dei fire andre er nærkontaktar til kjende smittetilfelle. Ei klasse på Vikemarka skule og ei turngruppe i Ørsta har fått beskjed om å teste seg. I kveld (08.09) kl 22.30 vert det meldt nye smittetilfelle. Alle er nærkontaktar til kjende smittetillfelle, og utløyser ingen nye nærkontaktar.

Tysdag 7. september 17.50 Ørsta kommune fekk i dag meldt 11 nye smittetilfelle med covid-19. Smitten skriv seg frå det pågåande utbrotet i Ørsta. Tre nye klasser ved Volda VGS er råka. Seinare på kvelden vart det meldt 1 nytt smittetilfelle. Vedkomande satt i karantene og utløyste ingen nye nærkontaktar.

Måndag 6. september 22:30 Ørsta kommune fekk i dag meldt 5 nye smittetilfelle med covid-19.  Alle er nærkontaktar til tidlegare kjende smittetilfelle.

Søndag 5. september 22.10 Ørsta kommune fekk i dag meldt 7 nye smittetilfelle med covid-19. Ei avdeling ved Dalane barnehage og ei ballettgruppe ved Ørsta og Volda ballettskule er råka. Alle desse 7 er nærkontaktar til tidlegare kjende smittetilfelle, og smitten skriv seg frå det pågåande utbrotet i Ørsta kommune.

Laurdag 4. september 19.53 Ørsta kommune fekk melding om 6 nye positive seint i går kveld og 5 positive i dag. Smittekjelda skriv seg frå utbrotet i Ørsta og alle var nærkontakter. Ved Velle skule har ein elev og ein tilsett testa positivt, og elevar og tilsette på 3. og 6. trinn har fått beskjed frå skulen om å teste seg. Vi ber om at dei det gjeld held seg heime til dei får svar på første test. Ved Åmås friskule har ein elev testa positivt, og skulen har gitt beskjed til dei det gjeld om å teste seg. Også dei bør halde seg heime til dei har fått svar på første test.

Fredag 3. september 20:06 Ørsta kommune har i dag fått meldt 6 nye smittetilfelle med covid-19. Alle er nærkontakter til kjende smittetilfelle, og skriv seg frå utbrotet i Ørsta dei siste vekene. Alle desse 6 smittetilfella er påvist på personar busett i Ørsta kommune, men tilfella fører no til at to nye klasser ved Volda VGS er råka, og éi klasse ved Volda VGS har fått forlenga testregimet som følge av ny smitte i klassa. Nokre barn i Hovdebygda barnehage har fått anbefaling om å ta test i morgon 04.09. men desse er ikkje sett i karantene.

Torsdag 2.september 22:42 fekk vi melding om at det totalt er registrert 11 nye smitta i Ørsta kommune i dag. Alle er knytt til utbrotet som no er i kommunen.

Onsdag 1. september 22:08 Vi fekk melding om nye positive onsdag 22:08, alle frå Ørsta og knytt til utbrotet som no er i kommunen. Dermed er det totalt 11 nye smittetilfeller i Ørsta i dag. Fire nye klasser ved Ørsta VGS har som tidlegare meldt i dag blitt råka og anbefalt karantene  dei skal ha fått beskjed via skulen.

Onsdag 1. september 14:53 Melding om nye positive, to av dei bur i Volda, dei andre sju bur i Ørsta. Fire nye klasser ved Ørsta VGS vert råka og anbefalt karantene, dei skal ha fått beskjed via skulen. I ettertid har vi fått melding om dei to frå Volda ikkje er knytt til utbrotet i Ørsta, men smittevegen er kjend og dei utløyser ingen nye nærkontakter.

Tysdag 31. august Kl 21.20 Ørsta kommune fekk i kveld melding om 14 nye positive smittetilfelle med covid-19. Totalt er det dermed meldt om 22 nye smittetilfelle i kommunen i dag. Smittevegen for alle desse er kjend og skriv seg frå utbrotet som er i Ørsta no.

Tysdag 31. august Kl 11.30 Ørsta kommune fekk meldt 8 nye smittetilfeller med covid-19. Smittevegen er kjend og skriv seg frå pågåande utbrot i Ørsta.

Måndag 30. august Kl 16.30 Ørsta kommune fekk i dag meldt 2 nye smittetilfeller med covid-19. Smittevegen er kjend og skriv seg frå pågåande utbrot i Ørsta. Førebels ingen nye skuleklasser i karantene i dag.

Søndag 29. august kl 21.25 Ørsta kommune har i dag fått meldt 10 nye positive med covid-19. Ein av dei er knytt til eit smitteutbrot i ei anna kommune, men resten skriv seg frå pågåande utbrot i Ørsta. Fleire av dei har ukjend smittekjelde, men går på Ørsta ungdomsskule. Meir enn halvparten av skuleklassane der er råka.

Laurdag 28. august 10:50 Ørsta kommune fekk seint i går kveld melding om 6 nye smittetilfelle med covid-19. Alle var nærkontakter til tidligare meldte smittetilfeller. Ytterlegare 3 klasser på Ørsta Ungdomsskule er berørt, samt ei klasse på Hovden barneskule og eit fotballag. Alle har fått beskjed om å teste seg i dag.

Torsdag 26. august 22:30 blir det meldt totalt 8 nye smittetilfeller med covid-19. Ei ny klasse ved Volda VGS, ei klasse ved Ørsta VGS og eit handballag i Ørsta er råka. Førebels ser alle smittetilfella ut til å henge saman i dette utbrotet.

Torsdag 26. august 14:50 blir det meldt om totalt 5 nye smittetilfelle i Ørsta og Volda. Ytterlegare ei klasse ved Volda VGS er berørt, samt ei klasse ved Ørsta VGS. 

Onsdag 25. august 22:00 fekk Ørsta kommune melding tre nye positive. Dette førte til at endå ei klasse ved Ørsta ungdomsskule vert råka, ei klasse ved Volda VGS samt to nye fotballag. Alle det gjeld skal ha blitt varsla av lærarar og trenarar og vert bedne om å teste seg torsdag 26. august og halde seg i karantene til dei har fått testsvaret. Dei vil få telefon frå smittesporingsteamet i løpet av torsdag 26. august for avtale om vidare testregime/karantene.  

Onsdag 25. august 15:30 fekk Ørsta kommune melding om eit nytt smittetilfelle med covid-19. Då vart ei klasse på Ørsta ungdomsskule og eit nytt fotballag berørt. Desse fekk beskjed om å teste seg i morgon, 26. august og vert kontakta av smittesporingsteamet i løpet av dagen. 

Barn og unge under 18 år får no tilbod om hyppig testing i staden for smittekarantene, meir info om dette finn ein på kommunen sine nettsider i artikkelen Testing erstattar smittekarantene for barn og unge.

Kommunen oppfordra alle som har vore på Årneset og/eller stadionparken i Volda kvelden 21. august til å bestille seg ein test, då det har vore fleire koronasmitta tilstades den kvelden.

Tysdag 24. august vart det rapportert om eit nytt smittetilfelle av covid-19 i Ørsta.

Vedkomande testa seg pga. symptom. Smittevegen er førebels ukjend. Ei klasse på Volda VGS er berørt, i tillegg til fleire lokale fotballag. Desse får beskjed om å ta test i onsdag 25. august.

Smittesporingsarbeidet går føre seg. Nærkontaktane vil verte kontakta og får meir informasjon om karantene og testing.