Status for Ørsta og Volda - Mandag 2. august 12:10

korona - Klikk for stort bileteKommuneleiinga i Ørsta og Volda har vore i møte med sine kommuneoverlegar for å drøfte status for koronautbrotet og vidare handtering av situasjonen. Her er status så langt:

Oppmodingane til innbyggjarar og arrangørar om å vere med å førebygge vidare smitte i helga har vorte følgde opp på ein imponerande måte. Ordførarane i Volda og Ørsta vil rette ein særskilt takk til alle helsearbeidarane som har gjort ein formidabel innsats desse dagane

Vi er svært takksame for den dugnadsånda folk har vist. Særleg har unge vaksne teke eit stort ansvar ved å teste seg og medverke til smittesporingsarbeidet. Arrangørar av ulike arrangement har også avlyst planlagde arrangement, etter at kommunane gjekk ut med tydeleg råd om det. Vi håpar at dette har hatt effekt, slik at den avtakande trenden held fram.   

Det er framleis behov for ein felles innsats for å stanse utbrotet. Kommunane kjem med følgjande oppmodingar for komande veke :

  • Store arrangement der det er vanskeleg å oppretthalde smittevern på ein god måte bør utsettast.
  • Kvar og ein av oss bør framleis unngå å ha for mange sosiale kontakter.
  • Test deg ! Det aller viktigaste bidraget til førebygge vidare spreiing no er å teste seg ved det minste symptom.
  • Bruk munnbind når du må vere i situasjonar der det er vanskeleg å halde tilstrekkeleg avstand.

Barnehagane som startar opp att frå 2. august, sommarskulen og SFO vil vere opne og i drift, men på gult nivå.

Det vert ikkje innført lokal forskrift med ytterlegare avgrensande tiltak no. Dette er i stor grad takka vere at folk har teke ansvar og følgd oppmodingane som er gjevne.   Kommunane har løpande dialog og følgjer situasjonen nøye.    

Bakgrunn for vurderinga:

Kommunane viser til helsemyndigheitene sine råd om oppmode innbyggjarane om å ta ansvar for å  følgje smittevernråda. Tvangstiltak gjennom forskrift skal berre innførast dersom det er nødvendig og innbyggjarane ikkje følgjer smittevernråda. Situasjonsbiletet gjer at ein ikkje ser det som naudsynt å vedta forskrift med tvangstiltak overfor innbyggjarane. Det har vore ein nedgang i talet på smitta sjølv om det har vorte gjennomført ei stor mengde med testar, kommunane har kome ajour med smittesporinga i løpet av helga og kapasiteten på teststasjonen er god. 

Vaksinasjonsprogrammet har gjort at konsekvensen av koronasmitte er lågare, og at det er logistikken med oppfølging av testing og smittesporing som er utfordringa.

Lokale tiltak, råd og reglar