Smitteutbrotet: Denne helga ber vi alle vere med på dugnad for å unngå nedstenging

Det var lang kø ved teststasjonen i Ørsta fredag. Biletet er tatt om lag klokka 12. Ørsta kommune Fredag er det totalt meldt om 16 nye smittetilfelle, og til saman er det no registrert 97 smitta personar i Ørsta og Volda i det pågåande smitteutbrotet. Vi ventar framleis på mange testresultat.

Kommuneleiinga i dei to kommunane og kommuneoverlege Marte Vaage Øie har møttest for å drøfte situasjonen før helga.

Det er også halde eit møte mellom statsforvaltaren og kommunane på Sunnøre, der FHI var til stades.  

Vi har jobba på spreng for å få testa alle og vil halde fram med testing gjennom heile helga. I løpet av fredagen vart det tatt over 700 testar i Hovdebygda. Dette førte til ein del kø, men kommunen og politiet var på staden for å organisere bilkøa.

Den store utfordringa er framleis arbeidet med smittesporing med så høge smittetal som vi har no. Vi vil derfor takke alle for samarbeidet med å varsle kvarandre, teste seg og halde seg heime, sjølv om ein ikkje har fått telefon frå smittesporingsteamet. Vi ønskjer i det lengste å unngå å måtte stenge ned lokalsamfunna Ørsta og Volda. Vi har tillit til at vi kan greie å snu dette saman, utan å måtte innføre lokale restriksjonar.  

Dersom vi skal greie det må vi alle ta eit personleg ansvar for å stanse smittespreiinga. Denne helga ber vi alle om å vere med på dugnad, og vi har følgjande oppmodingar.  

  • Folk vert oppmoda om å redusere sosiale møte, utanom familie og nære, til eit minimum
  • Arrangørar vert oppmoda om å avlyse alle arrangement i helga
  • I tillegg oppmodar vi om å bruke munnbind, der det er vanskeleg å halde 1 meter avstand
  • Ver ekstra nøye med dei generelle smittevernreglane 

 

Barnehagane som startar opp att frå 2. august, sommarskulen og SFO vil vere opne og i drift, men på gult nivå frå og med måndag 2. august.

Gå til lokale tiltak, råd og reglar