Smitte i Stryn på Isehaug kafeteria / Johans pub, laurdag 31. juli

korona - Klikk for stort bileteStryn kommune har måndag kveld blitt informert om at tre personar som var gjester på Isehaug kafeteria / Johans pub laurdag 31. juli, i tidsrommet kl 16.00–01.00, har testa positivt for koronavirus.

Sidan det kan ha vore folk frå Ørsta og Volda der vel vi å informere om smitten, og oppmodar til å ta koronatest om ein var der. Dei tre som er meldt smitta er frå Sande kommune. Dei skal ikkje ha vore med på Gummibåtfestivalen som vart arrangert i helga, skriv Stryn kommune på sine heimesider.