Smitta har vore på Hakallegarden søndag 1. august

korona - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto Gerd Altmann / Pixabay Ørsta/Volda fekk seint i går meldt fire nye tilfelle av Covid-19. Det gjer at totalen på personar som vart registrert som smitta i går 8 personar, med 3 tilfelle i Ørsta og 5 i Volda.

  • To av dei har ukjend smittekjelde – den eine av dei har vore på Hakallegarden på søndag 1. august der vi har informasjon om at det same dag har vore ein smitta.
  • Totalt er det no restistert 152 smitta sidan måndag 26. juli

Vi ber alle som var på Hakallegarden søndag 1. august om å vere oppmerksomme og ha lav terskel for å teste seg. Den andre med ukjend smittekjelde testa seg på grunn av symptom.

Det er svært viktig at alle i bygda no testar seg om dei får symptom. Dette gjeld også dersom ein er vaksinert.

 

Kommunane følgjer framleis situasjonen nøye, og oppmodar om å følgje dei lokale smittetiltaka som gjeld.

Lokale tiltak, råd og reglar