Sjukeheim: Retningsliner for besøk frå 27. april

Klikk for stort bilete

Det er grunn for å framleis ha streng besøkskontroll i institusjonane då dei sårbare bebuarane våre har auka risiko for alvorleg sjukdom ved koronasmitte. Det er ikkje uventa om det vert meir smitte når samfunnet gradvis opnast meir opp.

Kontaktinfo for helse og omsorg

Nye retningsliner frå 18.05.2020 finn de her

 

I samråd med kommuneoverlege vil me likevel frå måndag 27. april gi ei begrensa opning for besøk på både Ørstaheimen, Hjørundfjordheimen og Vartdal helsetun. 

Inn til vidare ønsker me at besøk føregår ute. Dei som ikkje kan flyttast ut, må venta med besøk. Besøk må avtalast med avdeling i forkant (sjå kontaktinfo ovanfor).
 

Retningsliner:

  • Personal frå avdeling hjelper bebuar ut. 
  • Kvar bebuar kan ha max 2 gjestar. Gjestane skal vera heilt friske og ikkje ha vore eksponert for Koronavirus/Covid eller komma frå område med Covid-utbrot.
  • Gjestane skal halda 2 m avstand til bebuar og ikkje ha fysisk kontakt. Likevel skal dei desinfisera hender med sprit når dei kjem og før dei set seg ned (pleiar må ta med sprit ut til gjestar).
  • Gjestar skal ikkje servera sjokolade, frukt, mat.
  • Besøka blir i avgrensa til 15 minutt. Pleiar har ansvar for å henta inn att bebuar og sprita av stolar som er brukt.
  • Det skal vera minimum 5 m mellom ulike besøksgrupper.


I spesielle høve, hovudsakleg ved alvorleg sjukdom, kan det gjerast andre unntak. Desse unntaka skal avklarast mellom avdeling og sjukeheimslege.

Retningslinjene over gjeld inn til vidare og kan bli endra på kort varsel. Det er venta at ein nasjonal vegleiar vil komma på plass og me vil tilpassa våre rutiner til desse.