Seksjonane for Barnehage og Skule informerar om betaling

Klikk for stort bilete Centers for Disease Control and Prevention/Wikimedia Commons  
Ørsta kommune har fått nokre spørsmål om foreldrebetaling knytt til Barnehage og SFO

Detaljane knytt til foreldrebetaling i samband med stenging på grunn av korona-viruset må kommunen avklare i dialog med nasjonale styresmakter. Vi kjem tilbake med ny informasjon så snart som mogleg. Fakturaer for mars må betalast som normalt, og fråtrekk for stengde dagar vil eventuelt bli gitt på komande fakturaer

Oppdatering 18.03.2020

Regjeringa.no kom i går kveld med meldinga "Foreldre slepp å betale for barnehage og SFO"

Dette betyr at vi stoppar generell fakturering for barnehage og SFO for april inntil vidare. 

Faktura for mars er allereie sendt ut, med betalingsfrist 30. mars. Denne skal betalast, men vert avrekna på seinare faktura for manglande teneste etter 13. mars.

Dei som har barn i omsorgtilbod, vert fakturert for den tenesta dei får.

NB: Leitar du etter barnehageopptaket?