Pressemelding: Opning for små offentlege arrangement og nokre fritidsaktivitetar frå 7. mai.

Klikk for stort bilete Centers for Disease Control and Prevention/Wikimedia Commons
Med offentleg stad meina ein stadar for registrert alminneleg ferdsel eller ein stad der allmenta ferdas.


NB: Artikkelen er oppdatert 25. mai, etter FHI sine oppdateringar. 

Ørsta kommune forheld seg til ei kvar tid til nasjonale retningslinjer. Desse finn de her:

FHI: Arrangement, samlingar og sommaraktivitetar


Arrangement

Norske myndigheiter har frå 7. mai opna for at det kan gjennomførast arrangement for opp til 50 personar. 

Eit vilkår for at arrangementet kan gjennomførast er at der er ein ansvarleg arrangør.

  1. Kor mange og kven er til stade?
  2. Før liste med namn og telefonnr, som skal oppbevarast i 10 dagar i tilfelle smittesporing.
  3. Tilrådd avstand på minst 1 meter. 

Den ansvarlege arrangøren skal sørgje for at ein har kontroll på kor mange og kven som er til stade ved arrangementet. Føremålet med å ha kontroll på dette, er å lette arbeidet med smittesporing dersom det skulle verte aktuelt å gjennomføre. Det kan difor vere ein fordel dersom ein har førehandspåmelding før arrangementet skal haldast. Eventuelt må ein notere namn og telefonnummer til deltakarane ved inngang, og ein må vise bort personar som gjer at det totale talet på personar overstig 50 stykk. Liste med namn og telefonnummer skal oppbevarast i 10 dagar i tilfelle smittesporing vert aktuelt. Dersom arrangøren ikkje vert kontakta om dette innan desse 10 dagane, skal lista destruerast. Ansvarleg arrangør skal sørgje for at tilrådd avstand på minst 1 meter mellom personar som ikkje bur ilag til vanleg, vert overhalde. Dette gjeld både i kø mot inngang og elles gjennom heile arrangementet. Ansvarleg arrangør bør også sørgje for at deltakarar ved arrangementet har moglegheit for handvask eller handdesinfeksjon når dei kjem til arrangementet, og når dei forlet det.

 

Fritidsaktivitetar

  • Nasjonale myndigheiter prioriterar barn og unge fyrst. 
  • Organisert idrett i grupper på inntil 20 personar med 1 meter avstand.
  • Arrangør av aktivitetar må ta ansvar for gode smittevernreglar og rettleiarar for aktivitet vert fylgde. 

Vidare er det bestemt at ein del fritidsaktivitetar kan starte opp att, men det er enno ikkje opna for alle aktivitetar. Det er mange som ønskjer å starte akkurat sin aktivitet, og som har gode argument for dette. I denne samanheng er det viktig å hugse at ein no har ei forsiktig opning av samfunnet, og at regjeringa har valt å prioritere born og unge fyrst. Det kan vere uheldig dersom ein opnar opp for raskt med alle typar fritidsaktivitetar, og ein som følgje av det må stramme inn att.

Det kjem stadig nye vegleiarar frå myndigheitene for korleis ein del aktivitetar skal gjennomførast. Desse er baserte på smittevernfaglege vurderingar, og det er viktig å halde seg til desse for å avgrense potensiell smittespreiing. Det er no lov til å drive organisert idrett i grupper på inntil 20 personar med 1 meter avstand. Idrett for inntil 20 personar må ikkje forvekslast med arrangement for inntil 50 personar. Oppstart av fritidsaktivitet innanfor rammene myndigheitene har gjeve, er på eige ansvar. Arrangørar av aktivitetar må ta sjølvstendige val på om dei ønskjer å starte opp att sin aktivitet, og sjølve ta ansvar for at gode smittevernreglar og vegleiarar for aktiviteten vert fylgde. Ein må også følgje med på om det kjem nye vegleiarar for sin aktivitet. Foreldre til born som deltek på aktivitetar må også vurdere om dei ønskjer at borna skal delta i aktiviteten no, eller om ein ynskjer å avvente.


Avstand

Tilrådd avstand mellom personar som ikkje bur saman til vanleg, er no minst 1 meter. Covid-19-forskrifta seier at dersom ein har hatt nærkontakt med ein person som får påvist covid-19 seinare enn 48 timar før vedkomande fekk symptom, må ein i karantene i 10 døgn. Nærkontakt vert definert som at ein har vore nærare personen enn 2 meter i meir enn 15 minutt. Ein må også i karantene dersom ein har hatt fysisk kontakt, til dømes ved handhelsing, med ein person som er stadfesta sjuk med covid-19. Framleis gjeld difor dei generelle råda om avstand, god handhygiene, å hoste og nyse i albogekroken, og unngå klemming og handhelsing.

Ørsta kommune har vore heldige og hatt berre 6 påvist smitta personar sidan 12. mars 2020. Dette vitnar om at innbyggarane har vore flinke til å overhalde smittevernreglane, noko vi alle må vere takksame for. Vi håpar dette motiverar til å framleis halde fram med dei gode handlingane med avstand til kvarandre, slik at innbyggarane i Ørsta kan halde fram med å vere friske – og samfunnet kan halde fram med ei gradvis opning. Vi ønskjer alle lukke til med sine nye kvardagar!