Pressemelding 29. april

Klikk for stort bilete Centers for Disease Control and Prevention/Wikimedia Commons  

Frå Kommuneoverlege Unni Natås: 

 

"Det er snart 7 veker sidan 12. mars då regjeringa innførte dei strengaste tiltaka i fredstid, og livet og kvardagen til oss alle saman brått vart totalt forandra. 

Vi har no starta ei gradvis gjenopning av samfunnet som vi blir bedt om å gjere saman, gradvis og kontrollert. 

Dette er utfordrande for mange – for det kjem stadig nye råd, retningslinjer og vegleiarar.

I barnehagane og i småskulen er borna inndelt i kohortar. Ein kohort er ei gruppe. Størrelsen på gruppene fylgjer bemanningsnormen som ligg der frå før. Poenget med desse gruppene er å hindre og avgrense smittespreiing, samt å ha eit godt utgangspunkt for smittesporing dersom vi skulle få påvist smitte. I barnehagar og skular har dei stort fokus på smittevern, men det er heilt naturleg at barna i same gruppe ikkje kan hald same avstand som vi andre i samfunnet kan. Barnehagar og skular skal vere ein god stad å vere. 

Fortsatt er det slik at vi andre blir oppfordra til sosial distansering og halde avstand. Slike tiltak verkar godt dersom mange følgjer opp. Eg forstår at det er vanskeleg å halde motivasjonen og trykket oppe når det er påvist relativt lite smitte i fylket vårt og det er fleire veker sidan vi har hatt påviste Covid-19 tilfeller i kommunen vår, men vi må vere klar over at situasjonen brått kan snu og mange må i karantene dersom den sosiale kontaktflata har vore stor. Det kan også gjere det vanskeleg å avgrense utbrot. 

Det blir jobba hardt med å auke testkapasiteten, og testkriteria vil bli ytterlegare utvida. Målet er at ila mai skal alle med symptom få tilbod om testing. 

Det kjem stadig nye vegleiarar for ulike aktiviteter, og som kommuneoverlege ser eg heilt klart at dei sprikar og ting ikkje alltid er logisk. Enn så lenge er det fortsatt grupper på 5 med 2 meters avstand som er hovudregelen. Elles gjeld råda om handvask /spriting, avgrense tal på husstandsmedlemmer på butikken, unngå unødvendige fritidsreiser osv. 

Mange av dei tiltaka vi gjer, er ikkje for oss sjølve - men for andre eldre folk og andre risikogrupper ikkje skal bli sjuke. Vi er alle saman med på å berge liv. Takk for at du bidrar! "