Pressemelding 16.03.2020: Status legesenter

Klikk for stort bilete Centers for Disease Control and Prevention/Wikimedia Commons

 

Denne statusen har blitt oppdatert, 31.03.2020. Les den her

Legesenteret må gjere strenge prioriteringar på kven dei kan ta inn til time. Det er viktig at telefonlinjene våre er opne for dei som verkeleg treng akutt helsehjelp - også i dei tilfella som ikkje er relatert til den pågåande korona-situasjonen i samfunnet vårt

Det er likevel god legekapasitet for rågjeving per telefon, så dei kan avgjere om du skal inn på time om du er usikker - viktig at dei som er sjuke ikkje er redde for å ta kontakt.

  • Merk: alle pasienter med feber eller symptom på luftvegsinfeksjon skal ringe legekontoret på (700 48 050) før oppmøte. De vil då få instruksjonar på kva de skal gjere.
     
  • Dørene til legesenteret er stengde. Helsesekretær tek i mot deg som kjem, og ser til at du kjem til rett plass.
     
  • Ikkje møt til bestilte timar på legesenteret om det ikkje hastar. Det er ikkje naudsynt å ringe for å avbestille. De vil ikkje verte belasta med gebyr for manglande oppmøte. Dersom timen din ikkje kan vente, skal du sjølvsagt kome.
     
  • Legevakt (telefon 116 117) skal berre nyttast til konsultasjonar som ikkje kan vente til dagtid når legekontoret er ope.
     
  • Ikkje ring legekontor, legevakt eller 113 viss du har generelle spørsmål om koronaviruset. Folkehelseinstituttet har oppretta ei eiga telefonlinje til dette: 815 55 015.
     
  • Nattlegevakta vil frå no vere stasjonert ved Myrvåg legevakt i tidsrommet kl 22-08. Dette med bakgrunn i den pågående pandemi-situasjon og et ønske om å minske smitte-presset mot sjukehuset i Volda

NB: Legesenteret vil fase inn meir E-konsultasjon og videokonsultasjon i løpet av veka, meir info på heimesida etterkvart.