Pressemelding 15.04.2020: Endring i statistikken på smittetilfelle

Klikk for stort bilete Centers for Disease Control and Prevention/Wikimedia Commons  

Ørsta og Volda kommunar har i dag endra statistikken sin for smittetilfelle.

  • Ørsta kommune går frå 5 til 6 tilfelle.
  • Volda kommune går fra 6 til 5 tilfelle.

Det betyr at det ikkje er noko nytt smittetilfelle i Ørsta, men at ein i statistikken flyttar eit tilfelle frå Volda kommune over til Ørsta kommune. Smittetilfellet går 3 veker tilbake i tid.

Tilfellet som no har blitt overflytta frå Volda kommune til Ørsta kommune sin statistikk, er folkeregistrert i Ørsta kommune, men har fastlege i Volda. Kommunane ligg geografisk nære kvarandre og det er fleire som har fastlege på tvers av kommunegrensene. Dette tilfellet vart altså testa i Volda, fulgt opp i høve alle dei same retningslinjene som i Ørsta og det er gitt den same gode oppfølginga der. Vedkomande har difor feilaktig kome på Volda kommune sin statistikk fram til no. Vi understrekar nok ein gong at dette smittetilfellet ikkje er nytt, men går 3 veker tilbake i tid. Det er likevel viktig å få kommunestatistikken riktig, og difor gjer vi rettinga no.

(Ørsta og Volda kommunar er felles avsendar av denne pressemeldinga).