Politiet ynskjer å bli varsla

Klikk for stort bilete


Politiet ønskjer å vere i forkant av uønska hendingar, kriminaltet og negativ utvikling, og derfor ber dei om å bli varsla. 

Fokuset til politiet i dette arbeidet er først og fremst å hjelpe barn og unge - ikkje å generere nye straffesaker. 

- Saman står vi overfor store utfordringar. Som alltid, og ekstra spesielt i ei tid som denne, er politiet prisgitt eit godt samarbeid med kommunane, skulane og barnehage, foreldre og publikum elles. Målet er felles for oss alle: Å skape eit trygt og godt samfunn å vekse opp og leve i. Det er politiet si oppgåve både å førebyggje og nedkjempe kriminalitet, samt å verne om distriktet sine innbyggjarar. Styresmaktene sine innstrammingar overfor den enkelte borgar, som følgje av koronavirus-pandemien (covid-19), gir nye utfordringar, heiter det i meldinga som kjem frå politiet i Møre og Romsdal.

Nokon av utfordringane er lette å få auge på, medan andre kjenner ein ikkje så godt til. Derfor ønskjer politiet å vere i forkant av uønska hendingar, kriminalitet og negativ utvikling. Dei ønskjer varsling om:

  • Kriminalitet
  • Hendingar
  • Trendar
  • Uheldige situasjonar som direkte eller indirekte kjem som følgje av tiltak knytt til koronaviruspandemien.
  • Brot på smittevernlova/korona-relatert kriminalitet av eit visst omfang.
  • Konkrete kriminelle bekymringar for rus, vald mishandling i heimen osv.
  • Barn og unge som er "ute på vift". 
  • Tips om festar/ større samlingar av ungdom/aktuelle stadar.

Tidleg varsling kan vere avgjerande!
 

Kontaktinformasjon til politiet: 

Kontakt tlf. 02800 for generelle førespurnader til politiet.
Tlf. 112 ved naud.
E-post: postmoreogromsdal@politiet no

Nettstaden til politiet finn du her.