Orientering om Ørstaskulen i denne tida med stengde skulebygg

Klikk for stort bilete Til elevar og føresette 

(CB= Chromebook)

Først og fremst: Eg håper de alle er friske og saman med nokon de er glade i kvar de enn er i denne nye, ukjende og krevjande kvardagen. Dernest: Det er godt å sjå at alle partar gjer sitt beste i ein vanskeleg situasjon. Alle rektorane rapporterer at opplæringa av elevane ser ut til å utvikle seg svært bra. Somme elevar har litt problem med nettet. Det er ikkje heilt uventa sidan nettverkskvaliteten varierer mykje i kommunen. Men alt i alt ser det ut til at elevane er i gong med læringsarbeidet under god rettleiing frå lærarane sine, og også føresette gjer ein kjempejobb. Takk til alle for positiv innstilling og samarbeid så langt!

Slik det ser ut no, har altså skulane god kontroll når det gjeld den faglege opplæringa. Sjå informasjon frå lærarane til barnet dykkar, og ver ikkje redd for å ta kontakt om det er noko de eller barnet dykkar lurer på. Denne orienteringa vil dermed mest handle om det sosiale tilværet til elevane, som brått vart svært amputert. For Ørstaskulen er det avgjerande viktig at alle elevar vert følgde opp både sosialt og fagleg i denne perioden når det er vanskeleg for mange å ha god kontakt med venene sine. Vi ønskjer å vere ein inkluderande skule også i desse tider. Dette ønskjer vi å be dykk føresette om å hjelpe oss å få til når borna dykkar no i endå større grad enn før skal leve sine sosiale liv gjennom digitale plattformer. Ver så snill, hjelp oss å sjå til at ingen vert halden utanfor i dei møteplassane som vert oppretta. Å ha kontroll med det som skjer i sosiale media og på internett elles, er viktig. 

Vi vil hjelpe til med å leggje til rette for at elevane får ha kontakt med venene i klassa, også sosialt. Det er dermed høve for elevane til å nytte sin CB også utanom fagleg arbeid, som ein arena også til å vere sosiale. Sjølvsagt bør dette skje på ein slik måte at føresette eller lærar har oversikt, og at CB-en vert teken godt vare på. Seksjonsleiar oppmodar dermed om at lærar opprettar sosialt Google Meet med heile klassa minst ein gong i veka slik at ein sikrar at alle i klassa får møte medelevane. Slik kan ein unngå at nokon vert utan kontakt med dei andre. 

Dermed ynskjer eg dykk alle god helse vidare og lykke til med gjennomføringa av opplæringa i heimane i dagne framover. Eg kjenner meg trygg på at dette får vi til - SAMAN.

- Kirsti Øy Driveklepp, Seksjonsleiar Skule.