Oppstart 20.04: Til føresette med barn i Ørstabarnehagen

Klikk for stort bilete

Alle styrarar og tilsette har i dag hatt planleggingsdag rundt omkring i barnehagane for å gjere alt klart til opning førstkomande måndag.

Opningstida er mellom kl 08.00 og 15.30

Her finn de informasjon om foreldrebetaling i perioden.
 

________________

Oppdatering 23. april 2020: 

Sjølv om barnehagane er opne igjen, ber vi om forståing for at vi alle må hjelpe til for å ivareta krava om smittevern som rettleiaren pålegg oss. Eit viktig tiltak er at dei som kan ha kortare dagar, også har det.

Vi må også ha eit utvida reinhald i alle barnehagane og vi må organisere kvardagen i mindre grupper enn ved vanlig drift. 

Samarbeid på tvers av gruppene har vi ikkje lov til og det skal helst vere aktivitet innafor eigne kohortar (faste grupper med barn og vaksne)

Også tilsette i barnehagane stiller opp i den nasjonale dugnaden for å redusere smitte av Covid 19 og mange har lenger arbeidstid og mindre pause enn stillinga deira tilseier. Dette for å vere tilgjengelig for oss som barnehageeigarar i det viktige arbeidet med å redusere smitte, sjølv om vi no har opna barnehagane igjen.

- Seksjonsleiar Barnehage, Reidun Mo.

 

Alle gled seg til å møte borna igjen, og det blir laga planar og rutinar for å ta i vare både smittevernet og borna som no endelig får møte leikekameratar igjen i barnehagen.

Barnehagen opnar, men vi er framleis i ei «koronatid» og må planlegge utifrå det. Det betyr at barnehagen ikkje er slik som ein er vande til frå «normale dagar», og vi må vere strenge både på kontakt mellom grupper og korleis vi samhandlar.

Regjeringa la onsdag fram ein smittevernrettleiar for barnehagane som har tre fokusområde:

  1. Hygienetiltak
  2. Tidlig isolering av sjuke
  3. Kontaktreduserande tiltak

Dette betyr følgjande:

  • Ingen, verken barn eller vaksne som er sjuke, skal vere i barnehagen
  • Vi må ha styrka fokus på reinhald og hygiene
  • Vi må ha mindre grupper med faste vaksne.

For å få til dette er det bestemt at barnehagane har ope i tida mellom kl 8 og 15.30 og vi må ha eit nært samarbeid med dykk føresette. Difor er det gjort ei kartlegging av behov og det er laga avtalar med dykk i høve bringing og henting.

Det er lov å ha korte dagar og det er lov å ha fridagar. Dette seier vi fordi vi framleis må ta del i den dugnaden som gjeld for å halde pandemien litt unna. Det å avgrense kontakt er framleis viktig, både i barnehagen og på fritida.

Barnehagane har planlagt organisering utifrå ein rettleiar som er tydelig på kor store grupper med barn og vaksne ein kan ha, og dette må vi følgje så langt som råd. Det kan difor skje at nokre grupper må stengast på kort varsel, på grunn av mangel på bemanning. Vi har ikkje lov å blande grupper og dele grupper ut over, slik at når det oppstår sjukdom i personalgruppa må vi kanskje stenge for ei gruppe. Det betyr at nokre får vere i barnehagen, mens andre må bli henta. Vi bed om forståing for dette.

Dei tilsette i Ørstabarnehagen er god på å sjå barn, ta imot barn, sjå kva barn treng og ta utgangspunkt i barns behov. Alle barnehagane har arbeidd godt også tidligare i høve hygienetiltak og smittevern, men vi må no auke kunnskapen vår og ha endå meir fokus på smittevern samtidig som vi skal gi born, føresette og tilsette trygge dagar i barnehagen. Her treng vi hjelp frå dykk føresette i å både forklare for borna kvifor det er slik og å hjelpe til med reinhald som vask av hender både før ein drar heimanfrå og når ein kjem heim.
 

Fine filmar om dette finn de her:

Film: Utdanningsdirektoratet.no

Føresette skal vere trygge på at det er forsvarlig at barna går i barnehagen igjen. God dialog mellom barnehagen og føresette er viktig, og det er viktig at føresette aktivt bidreg til å gjennomføre smitteverntiltak i tråd med rettleiaren og i tråd med informasjon frå den einskilde barnehage.

Sjå gjerne meir i rettleiaren her og i eige informasjonsbrev til føresette:

Rettleiar

Informasjonsbrev

Lukke til med opning til alle born, føresette og tilsette i denne opp-ned koronatida vi er i!

Ørsta 17.04.2020
Reidun Mo, seksjonsleiar barnehage