Oppmoding til alle om å vere med og slå ned smitteutbrotet i Ørsta/Volda

I dag er det meldt om til saman 61 nye smittetilfelle i Ørsta/Volda. Til saman er det no registrert 81 smitta personar i dei to kommunane i dette utbrotet.

Kommuneoverlege Marte Vaage Øie, ordførar Stein Aam og ordførar Sølvi Dimmen oppmodar innbyggjarane i Ørsta og Volda til å gjere det dei kan for å stanse smitten.

 
Sjølv om teststasjonen no vert bemanna opp, fører så mange smitta på ein gong til store utfordringar i arbeidet med smittesporing.

Dersom vi skal unngå å sprenge sporingskapasiteten og med det risikere at smitten spreier seg endå meir, er det svært viktig at kvar og ein av oss gjer det vi kan for å redusere risikoen for smitte dei komande dagane og i helga. Klarer vi det, kan vi kanskje unngå å måtte vedta lokale forskrifter med skjenkeforbod og forbod mot å samlast med verknad for inntil 14 dagar framover.

Dette er ein svært alvorleg situasjon. Difor oppmodar kommuneoverlege Marte Vaage Øie, ordførar Stein Aam og ordførar Sølvi Dimmen

  • folk om å redusere sosiale møte, utanom familie og nære, til eit minimum
  • og arrangørar vert oppmoda om å avlyse alle arrangement komande fredag og helg