Oppheving av forbod om opphald på fritidseigedom/hytte

Nasjonale myndigheiter har bestemt at:

  • Forbodet mot overnatting på fritidseigedom vert oppheva frå 20. april
  • Sjølv om det etter denne datoen ikkje vert straffbart å overnatte på fritidseigedomen, gjeld framleis rådet om å unngå unaudsynte fritidsreiser. Dette rådet gjeld inntil vidare, jf. Helsedirektoratet.

Ørsta kommune syner til at føremålet med reglane og føringane for reiser, er å unngå å belaste helsevesenet i små kommunar utover eigne innbyggarar. I tillegg vil ein unngå smittespreiing ved at folk held seg mest mogleg i ro geografisk. Vi tilrår difor at ein i størst mogleg grad overheld tilrådinga frå nasjonale myndigheiter, også etter 20. april.

Dersom ein vurderar å gjennomføre ei fritidsreise, kan det vere lurt å tenkje over:

  • Er reisa naudsynt, eller har eg berre lyst?
  • Kjenner eg på forkjølingssymptom? Er eg heilt frisk?
  • Kva risiko inneber reisa for meg og andre rundt meg?
  • Kan reisa mi påverke nokon i risikogruppa?

Dersom ein konkluderar med at reisa skal gjennomførast, bør ein vere påpasseleg med å følgje dei nasjonale råda. Dette er mellom anna:

  • Ha god handhygiene
  • Host og nys i albogekroken
  • Hald god avstand til personar utanfor eigen husstand; minst 2 meter innandørs og 1 meter utandørs
  • Vask hyppig kontaktpunkt og gjenstandar som vert berørt av mange

Lenkje til fleire gode råd og tiltak som gjeld for alle: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/avstand-karantene-og-isolering/