Opning av alle skular

Klikk for stort bilete Til alle elevar på 5.-10. trinn og deira føresette, og til elevane ved Ørsta opplæringssenter

Orientering frå seksjonsleiar Kirsti Øy Driveklepp - film

Regjeringa gjorde det i går klart at no kan alle elevar og tilsette kome attende til grunnskulane. Eg må få seie at eg verkeleg synst det er svært kjekt å kunne ynskje dykk velkommen tilbake. Samstundes er det slik at skulekvardagen ikkje vil verte slik som han var før skulane vart stengde.

Skulane fekk i går oppdaterte rettleiarar for korleis vi skal oppføre oss i den nye skulekvardagen. I alle rettleiarar er hovudføremålet å hindre og avgrense smitte av Covid-19. Smittevernet kjem dermed til å vere sentralt på skulane for både elevar og tilsette. For dei fleste av dykk elevane trur eg likevel at det viktigaste vil verte å vere i lag og å lære kvarandre å kjenne og verte trygge på kvarandre igjen. Denne samhandlinga mellom elevar, mellom dei tilsette og mellom tilsette og elevar vil måtte følgje nye reglar, og noko må vi be om hjelp til frå føresette. Det gjeld vurderingar og handlingar som må skje i heimen, og skyss. Det siste kjem eg attende til.

 Smittevernet har nokre fokusområde:

  • God hand- og hostehygiene
  • Godt reinhald
  • Redusert kontakt mellom personar
  • Tidleg isolering av sjuke

Dette betyr at

  • Vi må bruke tid på å øve inn hygiene- og reinhaldsrutinar. Det er fint om de snakkar om dette heime etter skuletid.
  • Vi må ha mindre grupper (kohortar) med så faste lærarar og assistentar som mogleg.
  • Ingen, verken born eller vaksne, skal vere på skulen dersom dei er sjuke.

Sett ut i frå berre rettleiarane for skuleverket, var no alle skulane klare for å opne neste tysdag. Men så gav fylket oss i føremiddag beskjed om at dei har fått ein rettleiar som gjeld all skyss og transport, og at denne rettleiaren inneber at det berre er lov til å køyre med halvfulle bussar. Fylket har dermed verken bussar eller sjåførar  til meir enn halvparten av elevane om gongen. Av utsende Retningslinjer for operatører og skoler i FRAM-området går det dessutan fram at kunden (=eleven) sin rett til transport fell vekk pga smitteverntiltaka. Det er også slik at om bussen alt er halvfull, har sjåføren plikt til å køyre forbi alle som står og vil på. Dermed får ikkje Ørsta kommune levert tilstrekkeleg skysskapasitet til at alle skuleborna kan få eit tilbod frå og med tysdag førstkomande. Dette betyr at skulane i ulik grad må gjere om att planlegginga si alt etter kor stor del av elevane ved skulen som før har hatt rett til skyss.

Måndag er det planleggingsdag for alle tilsette på 5.-10. trinn. Det vil dermed vere fridag og ikkje nettundervisning den dagen for elevane på 5.-7. og 8.-10. trinn. Den ordninga som skulane finn fram til, vil måtte variere mykje frå skule til skule. Årsaker til dette er særleg plassmangel og skyssutfordringar, men også personalsituasjonen er utfordrande. Det som er klart akkurat no, er at Ørsta opplæringssenter startar med full drift allereie måndag kl 9. Elles vil nokre av skulane starte gradvis frå tysdag, medan andre ikkje vil kome i gong før onsdag. På fleire skular vil det heller ikkje vere mogleg at alle elevane er til stades samstundes. De foreldre vil i dag eller i løpet av måndag få informasjon frå skulen til borna dykkar om korleis opninga av akkurat den skulen vil bli. Elles vil informasjon etter kvart verte lagt ut på kommunen og skulane sine heimesider.

Med unnatak av Vikemarka og opplæringssenteret, er det elevar på alle skular som til vanleg har nytta skuleskyss. Det er dessverre heilt nødvendig å seie at det er avgjerande for det opplæringstilbodet skulane får til, i kva grad de foreldre fylgjer oppmodinga frå regjeringa om i størst mogleg grad sjølve å ordne skyss for dykkar barn til skulen, og at de i minst mogleg grad sender borna på offentleg transport. Eg vil her nytte høve til å takke alle dykk foreldre på 1.-4. trinn som alt deltek i dugnaden på denne måten. Eg vil også på førehand takke dei av dykk foreldre på 5.-10. trinn som no kjem til å hjelpe til på same måte framover.

Eg kjenner meg viss på at saman får vi til eit opplegg for elevane i Ørstaskulen.

Eg nyttar også høvet til å ynskje dykk alle ei god helg!