Nye timar for koronatesting og utvida opningstid - Vi oppmodar til bestilling på nett

Testpersonell på teststasjonen i Hovdebygda - Klikk for stort biletePå grunn av stor pågang oppmodar vi alle som skal ta koronatest om å bestille timen på nett. Vi har begrensa kapasitet til å ta imot bestillingar på telefon!

OBS! Enkelte har opplevd vanskar med å bestille på nett, dette skal forhåpentligvis vere løyst no, men om nokon opplever problem med dette så forsøk å bruke PC i staden for telefon.

Alle som skal ta koronatest må booke time.

Etter behov så vil opningstida for testing vil bli utvida så langt det let seg gjere. Nye timar til koronatesting vil bli lagt ut fortløpande framover - også laurdag og søndag no i helga.

Her kan du bestille koronatest