AKTUELT NO:

Alt om korona  |  Bestill koronatest  |  Koronavaksinering  |  Influensavaksinering​​​​​​​

No er det viktig at vi jobbar i lag og unngår spreiing

Kommunelege Marte Vaage Øie er bekymra for smittesituasjonen, og understrekar at det no er viktig at folk ikkje møtest til fest og sosiale lag i helga. Då kan ein forhåpentligvis hindre eit større smitteutbrot.Vi har eit smitteutbrot i Ørsta/Volda, og det er mykje ungdom som er råka. Det er avdekka totalt 15 smittetilfeller denne veka, men dette kan fort bli eit stort utbrot. – Det er spesielt viktig at vi unngår og avlyser samankomstar i tida framover, då kan vi forhåpentlegvis stanse utbrotet, seier kommunelege i Ørsta, Marte Vaage Øie. 

Det blei i dag onsdag 28. juli meldt ytterlegare fem positive, vi er no oppe i 15 smitta denne veka i Ørsta/Volda. Det er ikkje kapasitet til å kontakte alle nærkontakter

–  Vi takkar for tålmodigheita og samarbeidet til alle dei det gjeld, dei har vore kjempeflinke. Eg trur det kjem svært mange smitta til i løpet av dagen og dei neste dagane. Om dei fortsetter slik og kanskje droppar fest og sosiale lag i helga som kjem så kan vi forhåpentligvis stanse dette utbrotet, seier Vaage Øie.

Alt tyder på at smitta har fått spreidd seg blant unge tidleg i 20-åra. Dei smitta har vore på fleire festar og særleg My kitchen i Volda på laurdag kveld utpeikar seg. Her har truleg svært mange blitt smitta.

– Denne og neste veke har vi svært låg bemanning på grunn av ferieavvikling. 
Det er svært stor pågang på koronatelefonen, elektronisk timebestilling og testing. I dag har det vore rekordlang kø og folk har ikkje klart å bestille time elektronisk då dei får feilmelding. Truleg grunna pågangen der også, seier ho.

– Vi må rett og slett erkjenne at vi ikkje har kapasitet til å handtere eit så stort smitteutbrot midt i fellesferien. Normalt sett kontaktar vi alle nærkontakter, men no kjem vi ikkje til å klare det. Vi har truleg heller ikkje oversikt over alle nærkontakter sidan vi ikkje får snakka med alle og det er vanskeleg å nå oss. I denne situasjonen er det ekstra viktig at alle hjelper til for å unngå vidare smitte og å belaste kapasiteten på teststasjonen, seier Marte Vaage Øie.
 

Definisjon på nærkontakt:

  • Nærmare enn to meter i meir enn 15 min eller fysisk kontakt.
  • Om ein har vore i lag innandørs over tid vil ein også bli rekna som nærkontakt, t.d på ein fest eller samankomst.

Følgande gjeld for nærkontakter:

Fullvaksinert:

  • Ikkje pålagt karantene eller testing.
  • Vi oppfordrar likevel til test, særleg ved symptom.

«Beskytta», det vil seie ei vaksinedose for meir enn tre veker sidan:

  • Ikkje pålagt karantene, men er pålagt test mellom dag 3 og 7.

Uvaksinerte:

  • 10 dagars karantene
  • Ein bør teste seg så fort som mogeleg
  • Ein kan teste seg ut av karantene om ein testar seg på dag 8 etter siste kontakt med den smitta.

Nærkontakter til nærkontakter:

  • Om ein er nærkontakt til ein person som er nærkontakt til ein smitta, er ein ikkje i ventekarantene og kan oppføre seg som normalt.
  • Dersom nærkontakten har symptom eller ein sjølv har symptom er det fornuftig å halde seg heime til vedkomande eller ein sjølv får svar på testen, men dette er ikkje pålagt.