Koronastønad til bedrifter – Runde 3, oppdatert 7. sept. 2021

Illustrasjonsfoto: Frederica Aban / iStock - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto: Frederica Aban / iStock  

Er di verksemd hardt råka av pålagte smitteverntiltak grunna korona? Eller arbeider verksemda med omstilling for å takle korona-verknader?

Dette er tredje tildeling i år frå kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder. Ørsta Kommune fekk 25/6-21 tildelt 1.257.000 frå Kommunal- og Moderniseringsdepartementet for  å avhjelpe situasjonen i lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Dette gjeld spesielt bedrifter som har direkte tap eller store kostnader som følge av smitteverntiltak eller nedstenging, eller bedrifter som heilt eller delvis er blitt ekskludert frå dei generelle kompensasjonsordningane.

Søknadsfrist er 1. oktober 2021.

 

Formål

Avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

 

Kriterium

Søknad/tildeling vil bli vurdert utifrå følgande punkt:

  • Verksemda er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Det blir lagt spesiell vekt på negative verknader som har påført ekstra kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og evt nedstenging. Også langtidseffektar etter innførte smitteverntiltak i 2020 kan bli vurdert. Du må kunne dokumentere eller vise til omsetjingsfall/tap av inntekter.
  • Verksemda kan dokumentere at den fell heilt eller delvis utanfor dei sentrale/generelle støtteordningane for korona-kompensasjon.
  • Verksemder innan reiseliv, servering, overnatting, detaljhandel (utenom daglegvare), arrangement og service er spesielt aktuelle i tråd med sentrale føringar, men også andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar.
  • Ørsta kommune vil også vurdere støtte til omstillingstiltak som har utgangspunkt i at verksemda er råka av korona-situasjonen, og som har sett i verk eller planlegg omstillingstiltak for å trygge arbeidsplassar.

 

Søknad

Skriv ein kortfatta søknad som inneheld:

  • Kontaktinformasjon til verksemda inkl. org.nr. og kontonr.
  • Kva søknaden gjeld
  • Bakgrunnen for at verksemda søker, tal tilsette
  • Legg ved dokumentasjon på inntektssvikt/omsetjingstap så langt dette let seg gjere, og ev. estimerte kostnader over omstillingstiltak.
  • Verksemda må oppgje anna offentleg stønad mottatt i 2019, 2020 og 2021.

Søknad må innehalde all vesentleg informasjon, men likevel vere så kort og konkret som mogleg.

Søknad skal sendast til Ørsta Næringskontor på e-post: omv@orsta-nk.no.

Samla ramme vil bli fordelt på søkarane utifrå informasjon og dokumentasjon saman med skjønsmessige vurderingar etter dialog med kvar bedrift. Dialogen med søkjar skjer gjennom Ørsta Næringskontor. Vurdering og søknad blir lagt fram for formannskapet for vedtak, planlagt dato er 27. oktober 2021. 

Stønad reknast i utgangspunktet som bagatellmessig stønad, og slike tilskot reknast ikkje som offentleg stønad. Tilskotet må då følgje regelverket for bagatellmessig stønad. Det viktigaste kravet er at verksemda må oppgje anna offentleg stønad føretaket har mottatt i 2019, 2020 og 2021, og at samla støtte er under EUR 200.000 over tre rekneskapsår.

 

Rapportering

Mottakar skal levere ein enkel rapport som omtaler bruken av midlane seinast 6 mnd etter mottak av informasjon om støtte/tilsegnsbrev.

Ørsta kommune og Kommunal-/moderniseringsdepartementet kan be om innsyn og kontroll med at støtta blir nytta i tråd med søknad og intensjonen i ordninga.

 

Meir informasjon

Ta gjerne kontakt før du søker. 

Odd Magne Vinjevoll
Ørsta Næringskontor

906 15 145
@ omv@orsta-nk.no

Per Ivar Lied
Ørsta kommune

Nasjonal kompensasjonsordning Kommunal og Moderniseringsdepartemenetet

Kontakt

Per Ivar Lied prosjektleiar
482 82 962
@ Per Ivar Lied
Odd Magne Vinjevoll Ørsta Næringskontor
90615145
@ Odd Magne Vinjevoll