Ingen smitte funnen ved Ørsta Ungdomsskule

Testteamet ved Ørsta ungdomsskule. F.v Mailene Kvalsvik, Bjørg Gjersdal, Jan Petter Lid, Ole SundeMåndag 13. september kohort-testa vi alle 15 klassene på ungdomsskulen og fekk svar same ettermiddag at alle klassene testa negativt.

Dei gjorde ny kohort-testing måndag 20. september, og igjen var alle klassene negative.

Kohort-testing går føre seg slik at elevane testar seg sjølv, og alle testane frå kvar klasse samlast i ein behaldar. Laboratoriet analyserer kvar klasse som ei prøve. Dersom denne kjem ut som positiv må klassa teste seg kvar for seg for å finne ut kven det er. Men måndag 13. september 2021 fekk alle klassene negativt svar, noko som betyr at det ikkje vart funne koronavirus i nokon av klassene.

Fordelen med kohort-testing er at ein kan teste veldig mange veldig raskt utan å belaste laboratoriet for mykje. Dette er PCR prøver som er mykje meir sensitive enn antigen hurtigtestar. Ungdomsskulen vil ha gult nivå denne og neste veke i første omgang, og planen er å kohort-teste elevane ein gong i veka framover.