Informasjon til ungdomen i Ørsta og Volda

Kommuneoverlege i Ørsta, Marte Vaage Øie, og konstituert kommuneoverlege i Volda, Bent Ingebrigtsen, har viktig informasjon til ungdomen.

I samband med det store utbrotet ved Ørsta ungdomskule, og stadig nye nasjonale reglar, er det ikkje lett å vite kva reglar som gjeld for kvar og ein av oss.

Dette må vi huske på:

  • Test deg med ein gang du får symptom. (har du alt time ein annan dag, så framskynd den)
  • Hald deg heime når du er sjuk (dette gjeld også om du har fått negativ test)
  • Sei ja til vaksine! Vaksine er vegen ut av pandemien.

Dette er reglane i veldig korte trekk:

  • For alle over 18 år er det vaksinasjonsstatus som gjeld. Dei skal følge reglane som gjeld om dei er vaksinert med ei eller to doser eller er uvaksinert.
  • For dykk under 18 år har regjeringa bestemt at de skal sleppe karantene, dersom de vel å teste dykk i staden. Dette gjeld dersom ein ikkje er husstandmedlem eller tilsvarande nærkontakt til den som er smitta.
  • I Ørsta og Volda har vi like reglar og vi har dei reglane som gjeld nasjonalt.

Fullstendig oversikt over reglane om karantene og isolering (fhi.no)