Informasjon om statusoppdatering og koronatelefon (gjeld frå 18. september)

Klikk for stort bilete Centers for Disease Control and Prevention/Wikimedia Commons  

No er det lenge sidan vi har hatt smittetilfelle i Ørsta. 

Sidan 12. mars har vi hatt daglege oppdateringar på smittesituasjonen i kommunen. Vi har hatt 9 positive prøver totalt og det er teke 2080 prøver per fredag 11. september 2020. 
 

Frå fredag 18. september har koronatelefonen nytt telefonnummer opningstid frå kl. 09.00 - 14.00. 
Tlf: 700 58 960

Frå 15. juni vil vi ikkje lengre legge ut antal prøver og prøvesvar dagleg. Då vert det i staden ein gong i veka, på måndag føremiddag, og elles ved behov dersom kommunen igjen skulle få positive prøvesvar. Grunnen til at vi vel å halde fram med å oppdatere om antal prøver og prøvesvar, er fordi pandemien framleis ikkje er over, sjølv om samfunnet har gått inn i ein ny fase. 

Vi ber difor alle om å halde fram med å ta førehandsreglar; - Vaske hendene godt og halde avstand til andre enn dei næraste. Føler du deg sjuk, eller har luftvegssymptom skal du halde deg heime og ev. kontakte koronatelefonen 700 58 960 (09.00 – 14.00, man - fre) for å vurdere prøvetaking.