Informasjon om dose 4 og vaksinasjons-telefonen


Unsplash FHI anbefaler ny oppfriskningsdose for alle over 75 år, det vil sei: dose nr 4.

Sjå under korleis du kan bestille vaksinasjonstid.

Ny oppfriskningsdose til gruppene 65–74 år og 18–64 år med underliggande risiko for alvorleg sjukdomsforløp, vil i følgje FHI vere avhenge av vidare smitteutviklinga. Ørsta kommune er klar for å vaksinere denne gruppa frå 1. september om FHI gir klarsignal for dette.

Anbefalinga om ny oppfriskningsdose for nemnte målgruppe gjeld uavhengig av om du nett har gjennomgått infeksjon. Tidsintervall etter gjennomgått Covid-19 infeksjon til ny oppfriskningsdose bør vere minimum 3 veker, men eit lengre intervall vil som regel gje betre immunrespons.


Vaksineringa

Ørsta kommune legg opp til timebestilling av vaksinasjon i haust.  Det vil sei at kvar enkelt må bestille seg time via Helsenorge eller ved å ringe vaksinasjons-telefonen på 95 16 78 46 (NB! Telefonen stengt fra 11. juli til 5. august).

Andre som vil starte eller fullføre vaksinasjonen sin er hjertelig velkomne til å bestille seg time.

Det er planlagt vaksinasjon 23. august og 25. august. Vaksinasjonsstad er gamle HBO-lokalet ved Ørstaheimen, 3. etg, inngang fra Grepalidvegen.
 

Vaksinasjons-telefonen er stengt frå veke 28 til og med veke 31.

Minner om at du fortsatt kan hente både hurtigtestar og PCR mellom kl 09.00–11.00 på teststasjonen. 


Meir informasjon om koronavaksinasjon

Kontakt

Vaksinasjonstelefon / Helsestasjonen Måndag–fredag, 09.00–15.00
94167848