Hugs å bekrefte time til vaksinering

Pixabay Kommunen får no mange ekstra vaksinedosar, og alle som ventar på dose 2 får framskynda denne med fleire veker. Derfor er det viktig at dei som får melding om ny time bekreftar denne så fort dei kan, eller seier frå om timen ikkje kan nyttast.

Kommunen får no to typar vaksiner. Tidlegare var det berre Pfizer-, men no kjem Moderna-vaksiner i tillegg. Det går bra å kryssvaksinere med desse, så ein kan få Moderna som dose 2 sjølv om ein har fått Pfizer som første dose. Ein kan ikkje velje kva type vaksine ein får.

Denne veka og neste veke er det personar i alle aldrar over 18 år som får andre vaksinedose. Truleg vil 16–17 åringane få tilbod om første dose i veke 36 og 37, altså i perioden 6.–19. september, men dette er ikkje heilt stadfesta. Vi kjem tilbake med meir informasjon om dette seinare.

Det er viktig at føresette snakkar med ungdomane sine på 16-17 år om at dei vil få tilbod om vaksine. Vi håper at alle som får tilbod takkar ja til å få vaksinen.

Informasjon om vaksinering