Foreldrebetaling for skulefritidsordninga (SFO) i Ørsta kommune

Klikk for stort bilete Centers for Disease Control and Prevention/Wikimedia Commons
Alle SFO-avdelingar vart stengde 13. mars 2020 etter pålegg frå regjeringa, men føresette har betalt for heile månaden.

  • Regjeringa vedtok med heimel i smittevernlova at foreldre ikkje skal betale for opphald i SFO i den perioden SFO er stengt. Det same gjeld for dei som nyttar seg av tilsyn i perioden når SFO er stengt. 
     
  • Regjeringa innførte foreldrebetaling igjen frå 14.04.2020 for alle som nyttar seg av SFO-tilbodet, uavhengig av tal på timar tilbodet omfatta.
     
  • I tråd med regjeringa sitt vedtak opnar alle SFO-avdelingar på nytt 27. april.

Alle som har plass i SFO i Ørstaskulen, må då betale for plassen i tråd med gjeldande vedtekter. Faktura for ordinær foreldrebetaling som skulle vore utsend i månadskifte april/mai med betalingsfrist i mai, vil no bli sendt ut i slutten av mai med betalingsfrist i slutten av juni. (I juni er det i vanlege skuleår inga betaling, jf gjeldande vedtekter).

Summen for mai-SFO blir vanleg foreldrebetaling med fråtrekke av dagar til gode i mars og tillegg av dagar i april. På grunn av Koronaviruset vil altså fakturaen for mai bli sendt ut i slutten av mai med betalingsfrist i slutten av juni.
 

Døme:

Mars

Faktura sendt ut og må betalast

13 dagar tilgode

April

Ingen faktura blir sendt ut.

4 dagar som skal betalast for

April

Føresette i samfunnskritiske jobbar betalar for dagar dei har nytta ordninga  frå og med 14. april

Ulikt tal dagar i tillegg.

Mai

Vanleg foreldrebetaling med fråtrekke av dagar til gode i mars og  tillegg av dagar i april.

Faktura blir send i slutten av mai med betalingsfrist i slutten av juni .

Matpengar

Mat blir fakturert med unnatak for SFO ved Velle skule og Vikemarka skule. Deltakarane ved SFO på desse to skulane får ikkje servert mat på skulen