Foreldrebetaling – barnehage Ørsta kommune

Klikk for stort bilete Centers for Disease Control and Prevention/Wikimedia Commons  

Alle barnehagane stengde 13.03.2020 etter pålegg frå regjeringa.

Regjeringa vedtok med heimel i smittervernlova at foreldre ikkje skal betale for opphald i barnehage i den perioden tenesta er stengt. Heller ikkje dei som nyttar den delvis i perioden barnehagane var stengt skulle betale for opphaldet.

Regjeringa innførte foreldrebetaling igjen frå 14.04 2020 for alle som nytta tilbodet, uavhengig av tal på timar tilbodet omfatta.

I tråd med regjeringa sitt vedtak opnar alle barnehagane opp igjen måndag 20.april.

Alle som har barnehageplass i Ørsta må då betale for plassen i tråd med sentrale vedtak i forskrift om foreldrebetaling. Sjølv om barnehagane vart stengt 13.mars betalte alle for heile månaden. Faktura for april blir difor ikkje sendt ut. Ordinær foreldrebetaling i kommunale barnehagar blir sendt ut for mai 2020. Eventuelle justeringar på grunn av opning 20.april vil bli gjort på faktura for juni.

Her vil vi både sjekke nasjonale råd og lokale rutinar i nabokommunar for å gjere ei justering så likt som mogleg.
 

Ørsta 17.04.2020

Reidun Mo, seksjonsleiar barnehage