Forbod mot opphald på fritidseigedom i annan kommune enn heimkommunen

Oppdatering 16. april 2020:

Nasjonale myndheiter har bestemt at dette forbodet vert oppheva frå 20. april 2020. Les meir her.

 

Stortinget har vedteke § 5 i forskrift 15.03.2020 nr. 294 om karantene, isolasjon og forbud mot opphold på fritidseiendommer mv. i anledning utbrudd av Covid-19. (Forskrifta vart avvikla frå 20. april 2020). 

Regelen seier:

«Personer forbys å overnatte på fritidseiendom i annen kommune enn der vedkommende er folkeregistrert. Strengt nødvendig vedlikehold eller tilsyn som er nødvendig for å avverge store materielle skader tillates.

Personer som er i karantene etter § 2 fordi de deler husstand med en som er bekreftet smittet av SARS CoV-2-virus, kan likevel overnatte i fritidseiendom i annen kommune i perioden den smittede er i isolasjon etter § 4 i forskriften.»
 

Det er ikkje mogleg å gje dispensasjon frå regelen. Dette er avklart med Fylkesmannen i Møre og Romsdal og nasjonale myndigheiter. Ørsta kommune handsamar difor ikkje førespurnadar om dispensasjon frå regelen. Dette gjeld uavhengig av kva grunnlag ein har for søkje unntak.

  • Regelen gjeld uansett type fritidseigedom, og dermed all eigedom utover folkeregistrert adresse.
  • Det er lov til å ta ein dagstur til fritidseigedomen. Det vil seie at ein reiser til og frå fritidseigedomen same dagen, og ikkje overnattar der
  • Det er lov til å overnatte på fritidseigedomen dersom person(ar) i husstanden din er stadfesta smitta av koronavirus, så lenge den/dei smitta skal opphalde seg i isolering.
  • Framtidige søknadar om dispensasjon frå forskrifta § 5 vil verte svara ut med lenkje til desse opplysningane.

 

Campingplassar og gjestehamner

Eigarar og drivarar av gjestehamner i kommuner er oppmoda om å gjere naudsynte tiltak for å hindre smittespreiing. Dvs.:

  • Moglegheiter for god handhygiene
  • Hyppig reingjering av kontaktpunkt
  • Informasjon som opplyser gjestar om korleis unngå smitte. 

NB: Mange campingplassar og gjestehamner vel å halde stengt i påska. 

For besøkande gjeld følgande: 

Her viser Ørsta kommune til retningslinjer sett av FHI og Helsedirektoratet. Generelt er oppmodinga frå nasjonale myndigheiter at berre naudsynte reiser vert gjennomførte. Den som skal reise bør tenke over kva risiko reisa kan innebere for eiga og andre si helse.

  • Følg nasjonalt regelverk for opphald på fritidseigedom, ref. punkta ovanfor
  • Følg nasjonale retningslinjer mtp. smittevernstiltak