Fleire vart smitta på Fugl Føniks mellom 24.–27. juli

korona - Klikk for stort bileteVi ser at fleire vart smitta på Fugl Føniks forrige helg. Vi oppmodar alle som besøkte serveringsstaden i perioden laurdag 24.07. til tysdag 27.07. om å teste seg.

Fugl Føniks skriv i ei melding på Facebook at den tilsette var på jobb på Føniks 24.07. mellom kl 21:00 og 02:30.

Også personar som var på Aktiv treningssenter i Ørsta måndag 26.07. og tysdag 27.07. bør teste seg. Det same gjeld personar som var på Christian gård på Trandal tysdag 27.07. etter kl. 16.00. 

På samlesida med lokale råd og reglar finn du informasjon om korleis forhalde seg dersom ein er nærkontakt. Der finn du også oversikt over stadar der ein bør vere særleg merksam på at det har vore smitta personar til stades.

Gå til lokale tiltak, råd og reglar