Er du litt usikker på korleis du kan vere fysisk aktiv i desse dagar og kjenner på stress?

Klikk for stort bilete Bjarne Nygård

 

Kvardagen er drastisk endra i løpet av den siste veka. Det kan vere krevjande på fleire måtar at dei godt innarbeida daglege rutinane og rammene er borte. Då er det viktig at vi oppretteheld døgnrytmen og daglege rutine så godt som mogleg, men i heimen.

90% av helsa vår vert påverka av korleis vi lever i det daglege. Det er her vi alle no gjer eit felles folkehelsearbeid ved å hindre smittespreiing gjennom å følgje tilrådingane frå helsemyndigheitene knytt til hand- og hostehygiene, å halde avstand til andre, ikkje samle fleire personar, at skular og barnehagar er stengde og at mange har heimekontor. Ting endrar seg raskt, og vi kan halde oss oppdatert på utviklinga her www.helsenorge.no, www.fhi.no og www.helsedirektoratet.no

MEN vi må hugse på å finne ein balanse slik at vi ikkje berre les og høyrer ting som skapar frykt og stress men fylle på med informasjon som er positiv, og gjev oss kjensler som takksemd, glede og ikkje minst får oss til å le av hjartans lyst.

Vi er skapt for rørsle, og vi må ta medvitne val om at vi skal vere fysisk aktive kvar dag, spesielt no når vi er tvungne til å vere meir heime enn normalt. Regelmessig fysisk aktivitet og trening er bra for oss alle, det er det ingen tvil om. Tilrådinga frå helsemyndigheitene er at barn og unge er fysisk aktive og får opp pulsen i minst 60 minutt kvar dag, medan vaksne i minst 30 minutt kvar dag. For lite fysisk aktivitet og mykje stillesitting aukar risikoen for helseplager og redusert livskvalitet.

No når fritidsaktivitetane og treningsentra er stengde kan vi oppdage det nærefriluftslivet. Dette er nært bustadområda der folk bur, turen som er rett utanfor døra og ikkje krev spesialutstyr. Hyppige naturopplevingar og kontakt med naturen er viktig for trivsel, og dette gjeld alle aldersgrupper. Vi har mange perler i kommunen vår, og nokre av dei kan vi finne på www.morotur.no. Vi bør heilt sikkert registrere fleire av desse turmåla, kanskje de veit om ein stad som de kan legge inn?

Når vi tek turen ut for å oppleve naturen og det nære friluftslivet er det viktig at vi legg bort tankar og uro.

Pust litt djupare inn og ut, og «ta inn» naturen med sansane:

  • Lytt til fuglar kvitre, bekken sildre eller elva renne.
  • Sjå mot tretoppane og korleis skyene endrar seg
  • Legg merke til korleis du opplever lufta inn og ut gjennom nasa.
  • Kjenn på kva du er takksam for.

Det er bevist at naturen kurerar stress. Når vi oppheld oss i grøne omgjevnadar vert stressnivået redusert, samanlikna med å opphalde seg innandørs eller i urbane område. Det viktigaste er at vi kjem oss ut, om vi er i rørsle eller ei har ikkje så mykje å seie i høve stressreduksjon. Men det er klart at om vi også får opp pulsen når vi er ute i naturen så nyter vi også alle effektane av fysisk aktivitet. 

God tur, og takk for at vi saman gjer ein innsats for folkehelsa på alle måtar.