Ei sommarleg påminning om smittevernreglane

Smittevernskilt gågata - Klikk for stort bileteMerete Flø heng opp smittevernskilt i Vikegata. Maria Engeseth  Uteseksjonen er i full gang med å henge opp plakatar og skilt rundt om kring i heile Ørsta kommune for å minne om smittevernreglane.

Skilta inneheld dei nasjonalt kjende symbola til Helsedirektoratet og er utforma i tråd med Ørsta sin profil. Dei blir plasserte ut på stadar der det normalt er mykje folk som oppheld seg, i både sentrum og utkantar.

I sommar ventar vi mange norske turistar, i tillegg vel kanskje fleire enn før å feriere i eige nærområde. Vi vonar at skilta skal minne både innbyggjarar og besøkande på å følgje smittevernreglane.

 

 

symbol smittevern - Klikk for stort bilete

 

Med ønskje om ein god sommar!

Nyhende