Besøk på Bakk-Ola-marka

Klikk for stort bileteØnskjer du å besøke nokon som bur på Bakk-Ola-marka?  Då må du ta kontakt med bebuaren sjølv, pårørande eller verge. Det er dei som avgjer kven som kan få kome på besøk.

Det er ikkje lenger låste dører mellom kl.07-23 og besøkande treng ikkje ringe på førehand for å avtale besøk med personalet. Det er ikkje lenger krav om å skrive besøkslogg, men vi oppmodar om at den blir nytta. Dei vanlege smittevernreglane gjeld framleis. 

 

Råd til alle

  • Husk god hand- og hostehygiene
  • Du og dine næraste kan omgås normalt
  • Hald avstand til andre enn dine næraste, minst 1 meter
  • Vere frisk når du går på besøk
  • Dersom du får symptom på luftvegsinfeksjon må du halde deg heime
  • Har du symptom på covid-19 bør du teste deg.

 

Hugs dette når du kjem på besøk på Bakk-Ola-marka

  • Bruk handsprit når du kjem inn på Bakk-Ola-marka
  • Oppmodar deg om å skrive deg inn i besøkslogg
  • Besøkande går direkte til bebuar sin bustad
  • Besøkande skal halde 1 meter avstand til tilsette og andre bebuarar
  • Besøkande bør ikkje opphalde seg i fellesareal
  • Prøv å unngå å ta på kontaktflater i fellesareala
  • Får besøkande symptom på covid-19 dei første dagane etter besøk så ber vi om at dei tek kontakt med einingsleiar.

 

Kontaktinformasjon:

Takk for at du gjer ditt for å hindre koronaviruset i å spreie seg.