Alle som har symptom på Covid-19 kan no bli testa

Klikk for stort bilete Centers for Disease Control and Prevention/Wikimedia Commons Folkehelseinstituttet utvida testkriteria den 29. april, Helse Møre og Romsdal følger desse. Mikrobiologisk laboratorium i Molde har god kapasitet, så dersom ein har symptom på Covid-19 er mogleg for alle å bli testa.

Dersom ein får symptom bør ein halde seg heime i to døgn, før ein vurderar test. Koronatest-telefonen (90 83 07 20) er open man - fre 08.30-11.30. Personar med symptom må ta kontakt på denne telefonen slik at ein får vurdert av lege om det er indikasjon for testing.

Det er no ynskjeleg å få testa flest mogleg om dei har symptom, og tilbodet er gratis.

Folkehelseinstituttet (FHI) sine testkriterier for koronavirus