10 nye meldt smitta søndag

korona - Klikk for stort bileteDet er meldt om 10 nye smitta i Ørsta/Volda søndag ettermiddag. Totalt var det pr. søndag 1. august registrert 123 smitta i det pågåande utbrotet.

Kommunane følgjer situasjonen nøye. Det er fastsett nytt statusmøte både i Volda og Ørsta måndag morgon kl. 09.00

Der vil det verte teke stilling til om det er behov for å endra råda som gjeld og om det er behov for ytterlegare tiltak.

Det er ikkje venta fleire tal i dag.

Gå til lokale tiltak, råd og reglar